Guimarães
Guimarães | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 240,95 km² | ||
Folketal | 156 830 (2021)[1] | ||
![]() Guimarães 41°26′42″N 8°17′27″W / 41.445°N 8.2908333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Guimarães |
Guimarães er ein by og kommune i distriktet Braga, nord i Portugal. Det historiske by-senteret har vore med på UNESCO si verdsarvliste sidan 2001, erkjent for å vere eit «uvanleg godt bevart og autentisk døme på utviklinga frå mellomaldersk busetnad til moderne by» i Europa. Guimarães kommune har 156 830 ibuarar (2021) og dekker 240,95 kvadratkilometer land.
Byen vart bygt frå det 9. hundreåret. Guimarães spelte ei viktig rolla i grunnlegginga av Portugal. Byen vert ofte kalla Portugals vogge (Cidade Berço på portugisisk), ettersom at det var i Guimarães den fyrste kongen av Portugal, Afonso Henriques, vart fødd, og på grunn av at slaget ved São Mamede – som vert halde for å vere den banebrytande hendinga i grunnlegginga av kongeriket Portugal – vart utkjempa nær byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://mapas.ine.pt/download/index2021.phtml; vitjingsdato: 19. september 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Guimarães» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2025.