Guinea-Bissau
Sjå òg Guinea (fleirtyding)
Repùblica da Guiné-Bissau
(norsk: Guinea-Bissau, bissauguineansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Esta é a Nossa Pátria Bem Amada» | ||||||
Motto | Portugisisk: Unidade, Luta, Progresso (Eining, kamp, framsteg) | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Portugisisk | ||||||
Hovudstad | Bissau | ||||||
Styresett |
Republikk José Mário Vaz Carlos Correia | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
36 125 km² (135.) 12 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
1 792 338 (149.) 49,6 /km² (132.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Akseptert |
Frå Portugal 24. september 1973 10. september 1974 | ||||||
Nasjonaldag | 24. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
2 677 mill. USD (175.) 1 600 USD (184.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC | ||||||
Telefonkode | +245 | ||||||
Toppnivådomene | .gw
|
Guinea-Bissau (tidlegare Portugisisk Guinea) er ein republikk i Vest-Afrika. Landet har kyst mot Atlanterhavet og grensar i nord til Senegal, og sør og aust til Guinea.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Landet har eit tropisk klima med regntid frå juni til september og tørke i tida mellom. Temperaurene held seg høge året gjennom, men vert litt lågare frå desember til april. Landet er påverka av den intertropiske konvergenssona med skyer og regn mellom juni og oktober. Den årlege nedbøren er på rundt 1500 mm, og det regnar om lag 60-90 dagar i regntida. I tørketida bles det stort sett ein nordaustleg vind, kalla harmattan, og denne kan føre med seg sand og støv som set ned sikta. I dei indre områda er fukta mykje lågare i denne tida, og tempeaturane mykje høgare enn ved kysten. Nattetemperaturane er derimot lågare.