Guingamp
Guingamp | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Bretagne Côtes-d'Armor |
Geografi | |
Flatevidd - By |
3,41 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
8 008 2 348/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 93 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Postnummer | 22200 |
Nettstad: www.ville-guingamp.fr |
Guingamp (bretonsk Gwengamp) er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Côtes-d'Armor i regionen Bretagne og har om lag 8 000 innbyggjarar.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Guingamp var ein kjøpstad i romartida mellom Normandie og nordvestlege delar av Bretagne. På 800-talet vart det bygd ei festning her, som dei bretonske troppane til Charles de Blois under leiing av Bertrand du Guesclin i 1364 samla seg ved før slaget ved Auray.
Seinare utvikla Guingamp seg til eit regionssenter for veving.
Kultur[endre | endre wikiteksten]

Historiske bygg[endre | endre wikiteksten]
I byen finst mellom anna basilikaen Notre-Dame de Bon Secours frå 1000- til 1500-talet, som er eit pilgrimsmål, klosteret Sainte-Croix de Guingamp, grunnlagd rundt 1135 og slotta Château de Pierre II og Château des Salles frå 1400-talet.

Musikk og dans[endre | endre wikiteksten]
Guingamp er rekna som hovudstad for bretonsk dans. Byen arrangerer årleg Festival de la Saint-Loup, ein internasjonal festival med særleg vekt på dans. Festivalen omfattar ei tevling i bretonsk dans, og blir tradisjonelt avslutta med folkedansen Dérobée de Guingamp. Byen har eit sekkepipekorps, Bagad Gwengamp, og eit lag for folkedans og -musikk, Kroaz Hent Gwengamp.[1]
Idrett[endre | endre wikiteksten]
Den lokale fotballklubben er En Avant de Guingamp, som har spelt i den lokale eliteserien.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ La culture Bretonne. ved ville-guingamp.fr
- Delar av denne artikkelen bygger på «Guingamp» frå Wikipedia på fransk, den 28. juni 2012.