Guitar av Frank Zappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guitar
Konsertalbum av Frank Zappa
Utgjeve 26. april 1988
2. mai 1995
Innspelt 31. mars 1979 – 18. desember 1984
Sjanger Instrumental rock, hardrock
Lengd 80:58 (vinyl)
131:38 (nyutgjeving)
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
The Old Masters Box III
(1987)
Guitar You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1
(1988)
Singlar frå Guitar
  1. «Sexual Harassment i Workplace»
    Utgjeve: 1988
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Guitar er eit album av Frank Zappa frå 1988. Det er ein oppfølgjar til Shut Up 'n Play Yer Guitar frå 1981. Albumet består av Zappa sine gitarsoloar frå konsertopptak mellom 1979 og 1984. Albumet gav Zappa den sjette Grammy-nominasjonen hans for beste rockeinstrumental.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Guitar vart opphavleg meint som ei trippelplate, slik Shut Up 'n Play Yer Guitar hadde vore, men Zappa valte å gje denne ut på CD. Albumet var det første Zappa samstundes gav ut på vinyl og CD. Den doble CDen vart gjeven ut av Rykodisc i USA og Zappa Records i Europa, med 32 spor, medan den doble LP-plata vart korta ned til 19 spor på Barking Pumpkin-etiketten til Zappa.

Bortsett frå «Watermelon in Easter Hay», «Sexual Harassment In The Workplace» og «Outside Now», er alle spora frå gitarsoloar i andre songar, slik det var på Shut Up 'n Play Your Guitar. Andre soloar var utdrag frå «The Black Page», «Let's Move to Cleveland», «Drowning Witch», «Zoot Allures», «Whipping Post», «City of Tiny Lites», «Advance Romance», «Hot-Plate Heaven at the Green Hotel», «King Kong», «Easy Meat», «Ride My Face to Chicago», «Sharleena», «A Pound for a Brown on the Bus» og «Inca Roads».

Namna på spora, som ikkje er knytt til dei originale songane, har mange referansar til popkulturen og verdshistoria. «Do Not Pass Go» syner til eit kort i brettspelet Monopol; «Jim & Tammy's Upper Room» referer til televangelisten Jim Bakker og kona Tammy Faye Messner; «Were We Ever Really Safe in San Antonio?», «Sunrise Redeemer» og «Hotel Atlanta Incidentals» syner til stader der desse stykka vart spelte; «Move It or Park It» er eit kvardagsuttrykk som kan uttrykke frustrasjon med ein fryktsam sjåfør; «Orrin Hatch on Skis» syner til senatoren Orrin Hatch; «But Who Was Fulcanelli?» syner til eit alias som franske forfattarar og alkymistar i Frankrike nytta på 1800-talet; «For Duane» syner til Duane Allman, sidan Zappa spelte «Whipping Post»; «GOA» .

«Chalk Pie» var tittelen på eit album Zappa hadde tenkt å gje ut i 1982. Songane frå dette albumet havna på Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch og The Man from Utopia.[3]

«In-A-Gadda-Stravinsky» refererer både til Iron Butterfly sin «In-A-Gadda-Da-Vida» og komoponisten Igor Stravinsky, ein av inspirasjonskjeldene til Zappa. Under stykket spelar bassisten Scott Thunes det kjende motivet frå «In-A-Gadda-Da-Vida», medan Zappa speler ei linje frå Stravinsky sin Vårofferet.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
# Tittel Lengd
1. «Sexual Harassment in the Workplace»   3:42
2. «Which One Is It?»   3:04
3. «Republicans»   5:07
4. «Do Not Pass Go»   3:36
5. «Chalk Pie»   4:51
6. «In-A-Gadda-Stravinsky»   2:50
7. «That's Not Really Reggae»   3:17
8. «When No One Was No One»   4:48
9. «Once Again, without the Net»   3:43
10. «Outside Now (Original Solo)»   5:28
11. «Jim & Tammy's Upper Room»   3:11
12. «Were We Ever Really Safe in San Antonio?»   2:49
13. «That Ol' G Minor Thing Again»   5:02
14. «Hotel Atlanta Incidentals»   2:44
15. «That's Not Really a Shuffle»   4:23
16. «Move It or Park It»   5:43
17. «Sunrise Redeemer»   3:58
Disk to
# Tittel Lengd
1. «Variations on Sinister #3»   5:15
2. «Orrin Hatch on Skis»   2:12
3. «But Who Was Fulcanelli?»   2:48
4. «For Duane»   3:24
5. «GOA»   4:51
6. «Winos Do Not mars»   3:14
7. «Swans? What Swans?»   4:23
8. «Too Ugly for Show Business»   4:20
9. «Systems of Edges»   5:32
10. «Do Not Try This at Home»   3:46
11. «Things That Look Like Meat»   6:57
12. «Watermelon in Easter Hay»   4:02
13. «Canadian Customs»   3:34
14. «Is That All There Is?»   4:09
15. «It Ain't Necessarily the Saint James Infirmary» (Gershwin, Gershwin, Heyward, Primrose) 5:15

Vinylversjon[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Sexual Harassment in the Workplace»   3:42 [5]
2. «Republicans»   5:08
3. «Do Not Pass Go»   3:37
4. «That's Not Really Reggae»   3:17
5. «When No One Was No One»   4:41
Side to
# Tittel Lengd
6. «Once Again, without the Net»   3:58
7. «Outside Now (Original Solo)»   5:29
8. «Jim & Tammy's Upper Room»   3:11
9. «Were We Ever Really Safe in San Antonio?»   2:50
10. «That Ol' G Minor Thing Again»   4:39
Side tre
# Tittel Lengd
11. «Move It or Park It»   5:43
12. «Sunrise Redeemer»   3:53
13. «But Who Was Fulcanelli?»   2:58
14. «For Duane»   3:25
15. «GOA»   4:46
Side fire
# Tittel Lengd
16. «Winos Do Not mars»   3:14
17. «Systems of Edges»   5:32
18. «Things That Look Like Meat»   6:55
19. «Watermelon in Easter Hay»   4:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, L.. «gitar - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r53184. Henta 22. august 2014. 
  2. 1989 Grammy Awards at rockonthenet.com – henta 24. august 2014
  3. ARF: Notes and Comments: GUITAR: Chalk Pie
  4. ARF: Notes and Comments: GUITAR: In-A-Gadda-Stravinsky
  5. gitar