Guksi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein guksi

Guksi (finsk kuksa, svensk kåsa) er ein type drikkekar som tradisjonelt er blitt laga av samar av utskorne kåter frå bjørk. Det er ei form for duodji, eller samisk kunsthandverk.

Kåten ein skal bruka får ei grovutforming og blir så omhyggeleg tørka for å hindra treet frå å sprekka. Deretter blir han utforma i tråd med lokal tradisjon. Bjørkekåteguksiar varer lengre enn dei som er laga av vanleg bjørkeved. Opphavleg blei desse kara brukt som personlege drikkekar, og ein vellaga guksi kunne vara eit heilt liv.[1]

Guksiar blei tradisjonelt berre skylde med regnvatn og tørka med eit klede etter bruk. Ein bruker tradisjonelt ikkje såpe, sidan mange meiner dette vil skada guksien.

Moderne kåsa i plastikk

I dag har nye materiale som glas, keramikk og metall i stor grad fortrengd treguksien, og kåter kan vera vanskeleg å få tak i sidan dei sjeldan blir hausta i moderne skogsindustri. Guksiar kan framleis lagast som hobby eller som kunsthandverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]