Gul tre skilling banco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gul tre skilling banco

Gul tre skilling banco er det dyraste og mest vidgjetne frimerket i verda. Frimerket er stempla i Kopparberg i Sverige den 13. juli 1857. Eigentleg skulle det vera eit grønt frimerke med verdien tre skilling banco, men noko gjekk feil i trykkeprosessen. Fargen vart i staden gul. Det er truleg at ein monterte treskillingen i eit ark med 8-skilling merke. Fargen er den fargen som 8-skilling hadde. Det er berre kjend eit einaste eksemplar av dette feiltrykket.

Kvar gong frimerket har vorte seld sidan 1984 har det sett prisrekord for frimerke. Ein prislapp på 71 milliardar amerikanske dollar per kilogram (1998) gjorde det til ein av dei dyraste tinga i verda ut frå vekt og volum, sjølv om antistoff og nokre radioaktive isotopar er dyrare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]