Gul trompetsopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gul trompetsopp
Gul trompetsopp
Gul trompetsopp
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Orden: Kantarellordenen Cantharellales
Familie: Kantarellfamilien Cantharellaceae
Slekt: Craterellus
Art: Gul trompetsopp C. lutescens
Vitskapleg namn
Craterellus lutescens

Gul trompetsopp (Craterellus lutescens) er ein sopp i slekta trompetsoppar i kantarellfamilien. Han er òg kjend som gul trompetkantarell, i og med at han tidlegare vart rekna som medlem av slekta kantarellar. Craterellus xanthopus, Cantherellus lutescens og Cantherellus xanthopus er synonym til det gjeldande vitskaplege namnet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hatten kan vera mørk, nesten svart. Under hatten er det tydelege ribber som går nedover på stilken. Som regel er dei glatta nesten heilt ut nærast stilken. Stilken er hol og lysande gul, nesten over i ein lys oransjetone. Det er ikkje noko skilje i fargen på stilken og undersida av hatten.

Forvekslingsfare[endre | endre wikiteksten]

Gul trompetsopp er nærskyldt med traktkantarell, og blir ofte forveksla med han. Dette har likevel lita praktisk tyding. Til liks med traktkantarell har han vorte forveksla med den dødeleg giftige spiss giftslørsopp, då desse kan veksa i same miljø. Soppane kan ha same storleik og omtrent same farge på hatten, men liknar elles lite.[1][2][3] Problemet er at giftslørsoppen kan veksa inne i klynger av gule trompetsoppar. Ein fornuftig forholdsregel er å ikkje plukka dei buntevis, men forsikra seg om at ein ikkje plukkar nokon andre soppar enn den ein er ute etter. Skulla ein vera i tvil kan ein sjå etter ribbene ein forventar å finna under hatten på trompetsoppar, viss dei manglar er det ikkje gul trompetsopp.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Gul trompetsopp veks gjerne gruppevis. I gode soppår kan ein finna dei i store mengder på mindre område. Dei finst oftast i barskog, gjerne vanskeleg tilgjengeleg under einebærbuskar. Han er ein av få soppar ein kan finna ved myrkantar, gjerne med or eller bjørkekratt.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Gul trompetsopp er ein svært god matsopp, i klasse med traktkantarell og vanleg kantarell. Han eignar seg særs godt til tørking. Han kan òg frysast eller hermetiserast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon R. Hammerfjeld (3. september 2003). «Spiste dødssopp». Dagbladet. Henta 7. september 2010. 
  2. Asle Hansen (7. september 2010). «Dødelig giftslørsopp skjulte seg i stekepanna». Dagbladet. Henta 7. september 2010. 
  3. Øyrjan Torheim (17. august 2011). «Giftig sopp ødela Bjørns (27) nyrer». Bergens Tidende. Henta 18. august 2011.