Gulating lagmannsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gulating lagdømme)
Bygningen i Bergen som hyser Gulating lagmannsrett. Høghuset attom er Bergen rådhus.

Gulating lagmannsrett er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg, og har sete i Bergen. Domstolen held til i eit eige tinghus som er bygd ved Festplassen i sentrum av Bergen.

Lagdømmet omfattar fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane og i tillegg Sirdal kommune i Vest-Agder, sjå oversynet nedst på sida over dei tingrettane som høyrer til Gulating lagdømme. Gulating lagmannsrett er den nest største lagmannsretten i Noreg, både rekna etter talet på saker og talet på dommarar (33).

Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker. Avgjerder i lagmannsretten kan ankast til Høgsterett, men det gjeld særskilde reglar for kva avgjerder som kjem til førehaving i Høgsterett.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Gulating lagmannsrett blir leida av ein førstelagmann (Magni Elsheim i 2015). Det er fem lagmenn og 27 fast utnemnde lagdommarar. Domstolen er delt i to dømmande avdelingar som blir leia av kvar sin avdelingslagmann. I tillegg er det er utgreiingsening med 5 juridiske utgreiarar, sekretariat og ei administrativ fellesavdeling. Gulating lagmannsrett held mange rettsmøte i Stavanger og den har faste kontor og rettslokale i Stavanger tinghus der det er tilsett ein konsulent og ein rettsbetjent. Elles blir det halde det rettsmøte andre stader når det er behov for det - særleg gjeld det i saker der det er naudsynt med synfaring.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet har domstolen fått frå det gamle Gulatinget som vart halde i noverande Gulen kommune i Sogn og Fjordane, og som dekte det same området som dagens domstol og meir enn det. Truleg er Gulating lagmannsrett ein av dei eldste rettsinstansane i kontinuerleg bruk i verda ved å kunne føra historia si attende til Gulatinget og Gulating lagdøme.

Førstelagmenn i Gulating lagdømme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]