Gulatingslova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gulatinglova)

Gulatingslova var ei lov som gjaldt for Gulatinget, det vil seia Vestlandet (nord til og med Sunnmøre), Sørlandet, Valdres, Hallingdal, Færøyane og Shetland. Ein reknar med at dei eldre delane av Gulatingslova stammar frå før år 900. Gulatingslova er den eldste av landskapslovene i Noreg. Snorre Sturlason skreiv i Heimskringla at kong Håkon I den gode sette Gulatingslova med råd av Torleiv Spake. Truleg er lova endå eldre enn det, sidan ho om lag 930 var mønster for UlvljotslovaIsland.

Det meste av Gulatingslova er eldre enn vanleg bokskrift i Noreg. Før lovene vart skrivne i bok, sa lagmennene lova fram på lagtinget, sameleis som lovseiemannen til islendingane sa deira lov fram på Alltinget. Det som lagmannen sa, er i Gulatingslova kalla ”lovmålet”; det var den gjeldande lova. På 1000-talet skreiv dei opp lovmålet. Det nedskrivne må ha vore godkjend på lagtinget, slik at boka vart ei verkeleg lovbok, ikkje berre ei rettleiing for lagmennene. Denne lovboka kalla dei Gulatingsboka.

Historikaren Knut Helle skriv slik om lova: «Ein skal ikkje lesa lenge i Gulatingslova før ein veit kvar ein er i landet. Her kan folk bu så høgt oppe i fjellet eller langt ute i øyane at ufarande sjø og fjell kan hindra dei i å føra lik til kyrkjegarden. Langs kysten bind hovudleia landet saman og fører til og frå andre landsdelar. Frå leia er det råd å ro og sigle på fjordane langt inn i landet. Fjordar og fjell skil bygdene frå kvarandre, og elvane kan vere vanskelege å kome over. Der går laksen opp mellom fjøre og fjell, og det er fisk, sel og kval i havet utanfor. I fjellet trugar bjørn og ulv.»

Gulatingslova var gjeldande heilt til kong Magnus Lagabøter si landslov vart vedteke på tinga mellom 1274 og 1276. Landslova vidareførte rettspraksisen frå Gulatingslova.

Det eldste eksisterande manuskriptet av Gulatingslova er frå slutten av 1000-talet, men det einaste komplette manuskriptet er frå siste halvdel av 1200-talet. Dette manuskriptet vert kalla Rantzau-boka, etter Christian Rantzau som donerte lovboka til Det Kongelige Bibliotek i København i 1731. Dette komplette pergamenthandskriftet har vorte digitalisert og den digitale utgåva er publisert på heimesida til Fylkesarkivet i Vestland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]