Hopp til innhald

Gulbeinmåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulbeinmåse
Gulbeinmåse
Gulbeinmåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av gulbeinmåse
Utbreiinga av gulbeinmåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Larus
Art: Gulbeinmåse L. michahellis
Vitskapleg namn
Larus michahellis

Gulbeinmåse (Larus michahellis) er ein stor måse som finst i Europa, Midtausten og Nord-Afrika.

Slektsnamnet Larus kjem frå latin og viser til ein måse eller annan stor sjøfugl. Artsnamnet michahellis heidrar den tyske zoologen Karl Michahelles.[1]

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Det er no brei semje om at gulbeinmåsen er ein eigen art. Tidlegare vart han rekna som ein underart av anten kaspimåse (Larus cachinnans) eller meir generelt som ein underart av gråmåse (Larus argentatus). DNA-analysar viser at gulbeinmåsen er nærare i slekt med svartbak (L. marinus) og armenarmåse (L. armenicus) enn med kaspimåse, som derimot er nærare gråmåse og sildemåse.[2][3]

Det er skildra to underartar av gulbeinmåse:[4]

Gulbeinmåsen er ein stor måse, kroppslengda er 52–58 cm, vengespennet 120–140 cm og vekta 420–1600 gram.[5]

Vaksne fuglar liknar gråmåse, men har gule bein. Oversida er grå, noko mørkare enn hos gråmåse men lysare enn hos sildemåse. Dei har kvit hovudfarge om hausten og meir svarte vengespissar med få kvite flekkar, likt sildemåse. Nebbet har den typiske raude flekken på undernebbet. Rundt auget har dei ein raud augering, ulik gråmåsen sin mørkegule ring.

Ungfuglar i første leveår har lysare hovud, gump og underside enn ein ung gråmåse, og liknar meir på ung svartbak. Dei har mørkt nebb og auge, rosa-grå bein, mørke flygefjør og eit tydeleg svart band på stjerten. Etter kvart vert undersida lysare og oversida meir einsfarga. I andre vinterdrakt liknar dei vaksne, men har enno svarte nebbtuppar, mørke auge og lysgule bein.[5]

Hekkeområdet er konsentrert kring Middelhavet. I Nord-Afrika hekkar arten vanleg i Marokko, Algerie og Tunisia, og spreier seg vidare austover mot Libya og Egypt. I Midtausten hekkar han fåtalig i Israel, Palestina og Syriasch, men meir talrikt på Kypros og i Tyrkia.

I Europa finst hekkekoloniar langs heile middelhavskysten, på atlanterhavsøyane og nordover til Bretagne og vestover til Asorane. Han hekkar òg ved vestbreidda av Svartehavet, der utbreiinga overlappar med kaspimåse – men gulbeinmåsen føretrekk brattare sjøklippar, medan kaspimåse helst hekkar på flate kystar.

Dei siste tiåra har arten spreidd seg med hekkekoloniar nordover til Sentral-Europa og Vest-Europa inkludert Polen, Austerrike, Sveits og Slovakia.[5]

Etter at hekkesesongen er avslutta midtsommars, rører dei fleste populasjonane seg, og mange trekker nordover til mellom anna Danmark, Sør-Sverige, Dei britiske øyane og meir sjeldan til Noreg. Per 2025 finst det 79 godkjente registreringar av gulbeinmåse på streif i Noreg fra og med år 2000.[6] Arten er også kjent sør til Senegal utanom hekketida.[4] Mange fuglar held seg truleg i same område året rundt, t.d. dei som hekkar ved atlanterhavskysten.

Som dei fleste Larus-artar er gulbeinmåsen altetar og ein opportunistisk næringssøkjar. Han tar fisk, krepsdyr, insekt, egg, småfuglar og åtsel, og er ofte å sjå på søppelfyllingar. Han kan òg rane mat frå andre sjøfuglar, mellom anna er han predator på den sårbare arten middelhavsmåse.[5]

I 2006 blei det dokumentert eit tilfelle av at fuglar frå atlanterpopulasjonen plukkar og et oliven ved Gibraltar.[7]

Gulbeinmåsen hekkar vanlegvis i koloniar. Hoa legg to til tre egg frå midten av mars til byrjinga av mai. Arten er territorial og forsvarar reirplassen kraftig.

Reiret er oftast ein liten haug av plantar og gras, plassert på bakken eller på klippekantar. I enkelte område, som Gibraltar, Portugal og Galicia i Spania, hekkar arten òg på bygningar, i byområde eller til og med i tre.

Ruginga varer 26–30 dagar, og ungane vert flygedyktige etter 6-7 veker.[5]

Storleiken på den europeiske populasjonen er rekna å ligge mellom 819 000-1 070 000 modne individ. Arten er kategorisert som livskraftig (LC) av Verdas naturvernunion.[8]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 219, 253. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. Pons, J.-M.; Hassanin, A.; Crochet, P.-A. (2005). «Phylogenetic relationships within the Laridae (Charadriiformes: Aves) inferred from mitochondrial markers» (PDF). Molecular Phylogenetics & Evolution 37 (3): 686–699. Bibcode:2005MolPE..37..686P. PMID 16054399. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.011. Arkivert frå originalen (PDF) 22 February 2012. Henta 6 November 2009.
  3. Collinson, J. Martin; Parkin, David T.; Knox, Alan G.; Sangster, George; Svensson, Lars (2008). «Species boundaries in the Herring and Lesser Black-backed Gull complex» (PDF). British Birds 101 (7): 340–363. Arkivert frå originalen (PDF) 3 December 2020. Henta 11 May 2016.
  4. 1 2 3 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 21.10.2025
  5. 1 2 3 4 5 Kirwan, G. M.; David, T. S.; Pyle, P.; Sharpe, C. J.; Garcia, E. (2024). Keeney, B. K.; Kirwan, G. M., red. «Yellow-legged Gull (Larus michahellis), version 1.1». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.yelgul1.01.1.
  6. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 21. oktober 2025.
  7. van Swelm, Norman Deans. «Fruit picking Gibraltar atlantic gulls». Radioactive Robins. Henta 21. oktober 2025.
  8. BirdLife International (2019). «Larus michahellis». IUCN Red List of Threatened Species 2019. doi:10.2305/IUCN.UK.2019-3.RLTS.T62030970A154522526.en. Henta 21. oktober 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gulbeinmåse