Gulbrand Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulbrand Lunde

Fødd14. september 1901
Bergen
Død25. oktober 1942 (41 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNasjonal Samling
Yrkepolitikar, kjemikar, biokjemikar
FarSigurd Lunde
MedlemQuislings andre regjering

Gulbrand Oscar Johan Lunde (14. september  190125. oktober 1942) var ein norsk politikar i Nasjonal Samling før og under andre verdskrigen.

Han vart 9. april 1940 utnemnd til sosialminister i Quisling si kuppregjering. Frå 25. september 1940 var han som ein av Josef Terboven sine kommisariske statsrådar konstituert statsråd for Kultur og folkeopplysingsdepartementet. Lunde var kulturminister for Kultur- og folkeopplysningsdepartementet i Vidkun Quisling si andre regjering frå 1942 og fram til han døydde same året.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lunde var fødd i Fana ved Bergen.

Han studerte ved Technische Hochschule i Zürich og ved universitetet i Freiburg. Han tok i 1925 doktorgrad i kjemi i Tyskland. I 1917 vart han tilsett på kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo. Han verka som direktør ved Hermetikkindustriens Laboratorium i Stavanger frå 1929. Han skreiv ei rad vitskaplege avhandlingar i biokjemi og om vitaminar. Han stod sentralt i utviklinga av norsk hermetikkindustri.

NS-tid[endre | endre wikiteksten]

Lunde slutta seg tidleg til Nasjonal Samling, då dette partiet vart grunnlagt i 1933. Han markerte seg raskt som ein tilhengjar av Quisling og NS, og var aktiv i valkampen hausten 1933. Han var ein av NS sine fremste talarar og var ein effektiv administrator. I 1934 vart han vald inn som kommunestyrerepresentant i Stavanger. NS fekk åtte representantar i bystyret etter eit av dei beste resultata til NS i val. Frå 1935 var Lunde propagandasjef i NS og forfatta ei rad skrift og publikasjonar. Som kulturminister i det nyoppretta Kulturdepartementet, gjekk Lunde inn for å kontrollera åndslivet i Noreg. Gjennom talar og føredrag trekte Lunde kulturhistoriske liner frå vikingtida fram til si samtid for å underbyggja den nasjonale utviklinga.

Lunde sette i verk ein aktiv statleg kulturpolitikk, og han engasjerte seg mellom anna i rettskrivingsspørsmål. Han stod bak rettskrivinga av 1941.

Natt til 26. oktober 1942 omkom Lunde og kona Marie. Bilen dei sat i tippa i sjøen ved ferjeleiet Våge i Romsdalsfjorden. I ettertid fann ein ikkje ut anna enn at det måtte vera ei ulukke.

Lunde vart gravlagd saman med kona ved Hopperstad stavkyrkje i Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Eit minnesmerke som vart reist i Romsdal, vart sprengt av norske motstandsfolk like etter den andre verdskrigen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]