Gulbrynkjernebitar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulbrynkjernebitar
Gulbrynkjernebitar Foto: Simon Pierre Barrette
Gulbrynkjernebitar
Foto: Simon Pierre Barrette
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av gulbrynkjernebitar
Utbreiinga av gulbrynkjernebitar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Hesperiphona
Art: Gulbrynkjernebitar H. vespertina
Vitskapleg namn
Hesperiphona vespertina

Gulbrynkjernebitar (Coccothraustes vespertinus) er stor ein stor, fargerik, nordamerikansk fink.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gulbrynkjernebitar liknar utsjånaden til den eurasiske kjernebitar, begge artar er tettvaksne finkar med korte halar og særs kraftige nebb. Dei er lange som ein stare, men med andre proporsjonar, varierer i kroppslengde frå 18 til 21,5 centimeter,[1] og frå 30 til 36 cm i vengespenn.[2]

Vaksne fuglar har ein kort, svart hale, svarte venger og eit stort bleikt nebb. Hannar er dominert av gul farge; men hovudet er brunt og dei har kvite tertiærfjører, synleg som eit stort kvitt felt på vengen. Panna og sider av issen er klårt gul, men midten av issen er svart i kontrast. Hoer er litt mindre, er langt meir diffuse i fargene, hovudsakleg olivenbrune, gråare på undersida og med mindre felt av kvite flekker på vengene.[1][3]

Hekkehabitatet er barskog og blandingsskog over Canada og dei vestlege fjellområda i USA frå Newfoundland til øya Vancouver. Dessutan sør til California, New Mexico og inn i Texas. Det finst òg avgrensa isolerte populasjonar i Mexico. Det er ein ekstremt sjeldan streiffugl til Dei britiske øyane, med berre to registreringar så langt.[1] Reiret er bygd på ei horisontal grein eller i ei forgreining av eit tre.

Trekkmønstre for denne arten er irregulære; i nokre vintrar kan fuglar trekke så langt sør som til det sørlege USA, dei opprer dessutan som streiffuglar og som høgdmigrantar.[1]

Desse fuglane beitar i tre og buskar, nokon gonger på bakken. Dei et hovudsakleg frø, bær og insekt. Utanfor hekkesesongen lever dei ofte i familieflokkar og andre små flokkar.[1]

Utbreiingsområdet til gulbrynkjernebitarar utvida seg langt mot aust i historisk tid, kanskje på grunn av planting av manitobalønn og andre lønnartar og buskar rundt gardar og tilgjenge av fuglefôring om vinteren. Største utbreiing kan ha vore i 1970- og 1980-åra. Etter 1966 er det registrert ein tilbakegang i storleik på bestanden, til dømes forsvann 97 % av bestanden i aust mellom 1966 og 2015.[2] Populasjonen er no estimert til 3,4 millionar individ. Arten er klassifisert som globalt sårbar, VU, av IUCN.[4]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten er registrert på Frøya, Trøndelag i mai 1975, og ein gulbrynkjernebitar blei observert på Onsøya, Østfold i mai 1973.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Clement, P. (2019). Evening Grosbeak (Coccothraustes vespertinus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. august 2019
  2. 2,0 2,1 «Evening_grosbeak». All about birds, Cornell University. Henta 18. august 2019. 
  3. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  4. BirdLife International (2019) Species factsheet: Coccothraustes vespertinus Arkivert 2015-09-12 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. august 2019
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 18. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gulbrynkjernebitar