Gulkinnand
Gulkinnand | |
![]() Gulkinnand | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av gulkinnand | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Sibirionetta |
Art: | Gulkinnand S. formosa |
Vitskapleg namn | |
Sibirionetta formosa |
Gulkinnand (Sibirionetta formosa) er ei grasand i andefamilien som hekkar i nordaustre Russland og overvintrar i søraustre Kina, Japan og på sørlege Koreahalvøya.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Gulkinnanda er mellom 39 og 43 centimeter lang og veg gjennomsnittleg 450 gram. Ho er litt større og har lengre hale enn krikkanda. Ein hekkande hannfugl er lett gjenkjenneleg med sin slåande grøne nakkeflekk, gule og svarte kinn, og dessutan hals og strupe. Han har ei mørk krone og eit lysebrunt bryst med mørke flekker. Dei mørke skulderfjørene er lange og hengande, og dei grå sidene er ramma inn framme og bak av kvite band.[1]
Hoa har lengre hale og ein karakteristisk kvit flekk ved basis av nebbet og dessutan ein kvit strupe som strekkjer seg bakover mot auget. Dette skil ho frå slektningar som amerikakrikkand. Ho har også eit tydeleg lyst augebryn som er innramma av ei mørkare krone. Den grøne vengspegelen har ein utydeleg kanelbrun indre kant.[1]
Ungfuglen har ei fjørdrakt som liknar hoa sin drakt, men kan skiljast frå krikkand ved ein lys flekk i området mellom nebb og auge.
Hannen i eklipsdrakt (ikkje-hekkedrakt) liknar hoa, men har ein mykje rikare raudbrun farge på fjørdrakta.
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Gulkinnanda hekkar i skogområde i austlege Sibir, frå Jenisej-bassenget og austover til Kamtsjatkahalvøya, Nord-Korjakia, austlege Magadan oblast, nordlege Khabarovsk kraj, søraustlege og nordlege Sakha, austlege, sentrale delar av Irkutsk oblast og nordlege Krasnojarsk kraj.
Ho er ein trekkfugl som overvintrar i Sør-Korea, Japan, Taiwan og nordlege og austlege Kina, frå Beijing og nedover kysten til grensa mot Vietnam. Ho trekkjer også vestover til Yunnan og nordover til Chongqing og Henan.
Gulkinnender hekkar i dammar på randa til tundraen og i sumpete skogområde. Om vinteren finst ho i lågtliggjande ferskvassområde.
- Utbreiing i Noreg
Sjeldne observasjonar av gulkinnand i Europa var tidlegare rømte prydfuglar. Den første observasjonen i Noreg som er trudd å vere ein fugl frå naturleg utbreiingsområde Asia er registrert i 1979. Seinare er det godkjende registreringar i 2012,[2] 2021[3] og 2022.[4] Det finst fire registreringar (tre individ) i Noreg i 2023 og to i 2024. Austlandet har dei fleste, men til dømes ein meir uventa observasjon i 2023 vart gjort på Røst.[5]
Status
[endre | endre wikiteksten]Arten er klassifisert som livskraftig (LC) på raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN, men han var tidlegare oppført som sårbar før 2011 på grunn av jakt og øydelegging av overvintringsområda i våtmarker. Desse trugsmåla eksisterer framleis, men bestanden er i betring, med auka talet på overvintrande fuglar og noko auke i tilgjengeleg habitat.[6]
Basert på teljingar av gulkinnender som overvintrar i Sør-Korea, vart den globale populasjonen rundt 2010 anslått til å vere rundt 1,07 millionar vaksne individ. Dette er ei stor auke frå dei titusenvis som vart talt på 1980-talet og nokre hundretusen på 2000-talet.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er ei omsetting av «Baikal teal» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2025
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Carboneras, C. og G. M. Kirwan (2020). Baikal Teal (Sibirionetta formosa), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, ed.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.baitea.01
- ↑ Oddvar Heggøy; Tor Olsen. «Sjeldne fugler i Norge i 2011 og 2012» (PDF). Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl (NSKF).
- ↑ Tor Olsen. «Sjeldne fugler i Norge i 2021» (PDF). Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl (NSKF).
- ↑ Tor Olsen. «Sjeldne fugler i Norge i 2022» (PDF). Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl (NSKF).
- ↑ «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 16. januar 2025.
- ↑ 6,0 6,1 BirdLife International (2016). «Sibirionetta formosa». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22680317A92855272. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22680317A92855272.en. Henta 16. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Baikal Teal i Encyclopedia of Life
- (en) Baikal Teal i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Baikal Teal hos Fossilworks
- (en) Baikal Teal hos NCBI
- (en) Kategori:Sibirionetta formosa – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Sibirionetta formosa – detaljert informasjon på Wikispecies