Gullbrød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein uopna «Gullbrød»-sjokolade.

Gullbrød er eit sjokoladeprodukt som Nidar AS lagar og distribuerer.

Sjokoladen vart seld første gong i 1915, og er med det den eldste merkavara frå Nidar.

Kvart «gullbrød» er eit avlangt stykke grov råmarsipan trekt med mørk sjokolade som inneheld minst 45% kakao.

Marsipanen har eit mandelinnhald på 55 %, laga av mandlar frå California og 3 % bittermandlar frå Spania. Dette, og ei lita mengd tilsett sukker, gjev ein karakteristisk smak.

Emballasjen til Gullbrød har vore endra to gongar; først i 1982, seinare i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]