Hopp til innhald

Gullbuskslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullbuskslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Oliventrefamilien Oleaceae
Stamme: Forsythieae
Slekt: Gullbuskslekta Forsythia
Vahl, 1804

Gullbuskslekta (Forsythia) er ei slekt i oljetrefamilien.

Artane i slekta er lauvfellande buskar. Blada er motsette og som regel enkle. Dei har gule blomar som kjem tidleg om våren før lauvet sprett. Krona har fire flikar som ligg over kvarandre og som er lengre enn kronrøyret. Frukta er ein kapsel med mange frø. Dei fleste artane kjem frå Aust-Asia, men det finst også ein europeisk art frå Balkan. Flora of China seier at det er 11 artar i slekta, medan Kew World Check List oppgjev 13 artar.[1][2][3][4]

Blomstrande gullbusk.

Gullbuskar er populære som hageplantar. Dette gjeld særleg praktgullbusk (Forsythia × intermedia), som er ei kryssing av Forsythia suspensa og F. viridissima. Andre artar som ofte blir dyrka er den hardføre marsgullbusken (F. ovata) og hengegullbusk (F. suspensa).[5][6]

  1. «Forsythia». Flora of China. Henta 15. februar 2015. 
  2. «Forsythia». Flora Europaea. Henta 15. februar 2015. 
  3. «World Check List Forsythia». Kew Royal Botanic Gardens. Henta 15. februar 2015. 
  4. «Molecular phylogeny of Forsythia (Oleaceae) based on chloroplast DNA variation» 218. ISSN 0378-2697. doi:10.1007/BF01087039. 
  5. Det Norske hageselskap. Hageselskapets sortsliste (9 utg.). Oslo: Grøndahl Dreyer. s. 46–47. ISBN 82-504-2454-9. 
  6. Den store hageboken. Det Beste. s. 537–538. ISBN 82-7010-019-6. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]