Gullesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullesfjorden
fjord
Bekkenset ved Gullesfjorden
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Kvæfjord
Kart
Gullesfjorden
68°41′29″N 15°59′36″E / 68.6913°N 15.9933°E / 68.6913; 15.9933
Wikimedia Commons: Gullesfjorden

Gullesfjorden er ein fjordHinnøya i Kvæfjord kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 33 km sørvestover til Gullesfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Bergeneset i vest og Øynes på Kvæøya i aust. Den ytste delen av fjorden går langs grensa mellom Sortland i Nordland og Kvæfjord mellom Hinnøya i vest og Kvæøya i aust. På andre sida av Kvæøya ligg Kvæfjorden. Etter om lag 4 km går Gullesfjorden innover Hinnøya. Bygda Hemmesland ligg på austsida eit lite stykke inn i fjorden. Ved Revsnes lenger sør går det ferje over fjorden til Flesnes i vest. Ved Revsnes startar òg fjordarmen Austerfjorden. Bygda Bogen ligg like sør for Flesnes.

Forøya er ei øy som ligg midt i fjorden eit stykke lenger sør. Her ligg Langvassbukta på vestsida og fjorden svingar rett sørover. Våtvoll er ei bygd på vestsida eit stykke lenger sør, og her ligg bygda Moelva tvers over fjorden på andre sida. Her gjer fjorden ein sving nesten rett vestover før han like etter ved Løbergsbukta svingar sørover igjen til Gullesfjordbotn.

Riksveg 83 går langs austsida av den ytre delen av fjorden. Riksvegen kryssar fjorden via ferjesambandet Flesnes-Revsnes og held fram sørover i fjorden på vestsida til han møter Europaveg 10 som held fram inn fjorden på vestsida. Andre vegar langs fjorden er Fv102 på vestsida nord for Flesnes og Fv103 på austsida i den indre delen.