Gullgubbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gullgubbar)
Gullgubbe frå ca. år 700, funnen i Aska i Hagebyhöga i Sverige i 2020.
Gullgubbar frå «Sorte Muld» på Bornholm.
Ein gullgubbe funnen ved Kongsvik i Nordland.

Gullgubbe er ei arkeologisk nemning på miniatyrbilete i tynt gullblekk, somme i sølvblekk, frå jarnalderen. Bileta, som ikkje er større enn ein tommelfinger-negl, er anten prega inn i blekket frå baksida med eit stempel, ofte etterarbeida med ein spiss reiskap, eller berre forma med ein slik reiskap. Som gullgubbar vert òg rekna små figurar klippa ut av gullblekk.

Gullgubbar er berre funne i Noreg, Sverige og Danmark, dei fleste i Danmark. I området Sorte Muld på øya Bornholm har det kome for dagen fleire enn to tusen, og eit hundretals vart funne under utgravingar i Lundeborg på Fyn. I Sverige er eit par hundre gullgubbar funne tett ikring eit stolpehol inne i restane etter ein bygning, tolka som eit heidensk kulthus, i Uppåkra i Skåne. I Noreg er det mellom anna funne gullgubbar i hol etter stolper under mellomalderkyrkja på Mære i Trøndelag, og ein reknar difor med at kyrkja står på staden for ei førkristen bygning som har vore viktig i si tid. Gullgubbar vart òg funne under utgravingar av eit stort vikingtidshus på Borg på Vestvågøya i Lofoten.

Tidfesting av gullgubbar og meininga med dei[endre | endre wikiteksten]

Gullgubbar vart laga i perioden frå 600-talet og framover i vikingtida. Tidfestinga av mange av gullgubbane er ofte vanskeleg, då fleire av dei ikkje er funne i kontekstar som kan gje grunnlag for tidfesting. Då gullgubbar ikkje er solide nok til å ha vore smykke eller amulettar, har dei truleg vore eingongsgjenstandar nytta i ein eller annan form for vigslingskult av bygningar eller bygningsinventar til fastsette føremål, ettersom fleire av dei er funne i stolpehol etter bygningar eller bygningsinventar. Av di mange av dei norske og svenske funna syner ein mann og ein kvinne som står vende mot kvarandre, i nokre høve med ei planteliknande gjenstand mellom dei som kan sjå ut som kvann, kjend frå folkekulturen som ei plante knytt til ekteskapeleg eller universell avlekraft, kan nokre av gullgubbane ha hatt med kult eller seremonier til fremje av dei fruktbare kraftene å gjere. Det har vore hevda at det er møtet mellom vaneguden Frøy og jotnedattera Gerd frå eddadiktet Skirnesmål som er framstilt på slike gullgubbar.

Viktige funnstader for gullgubbar[endre | endre wikiteksten]

  • Borg på nordsida av Vestvågøya i Vestvågøy kommune i Lofoten. Her vart det under arkeologiske utgravingar 1986-1989 funne spor og restar etter eit stort vikingtidshus
  • Borge i Østfold
  • Mære kyrkje i Steinkjer kommune i Trøndelag, tidfesta til 800-talet, funnen ved utgravingar i 1968
  • Vingrom kyrkje i Lillehammer kommune i Oppland - funne ved utgravingar 2003-2005
  • Kongsvik - funnen på 1740-talet
  • Hauge i Klepp kommune, tidfesta til 700-800 e.Kr.
  • Hov i Oppland (på vestsida av Mjøsa)
  • Slöinge i Halland i Sverige, tidfesta til 690 e.Kr.
  • Helgö i Uppland i Sverige
  • Sorte Muld på Bornholm i Danmark
  • Lundeborg ved Gudme på Fyn i Danmark
  • Uppåkra på Lundaslätten, ein halv mil sør for byen Lund i Skåne, Sverige. På denne staden har det vorte gjort ei mengd funn under arkeologiske utgravingar, mellom anna spor og restar etter ein bygning som ein reknar med har vore eit kulthus, eit hòv, der eit hundretals gullgubbar kom for dagen.

Om lag 1800 gullgubbar er utstilte på Bornholms Museum i Rønne på Bornholm. Dei fleste av gullgubbane frå Uppåkra i Skåne er å sjå på Historiska Museet i Lund i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]