Gullholmen fyrstasjon

Koordinatar: 59°26.1114′N 10°34.6016′E / 59.4351900°N 10.5766933°E / 59.4351900; 10.5766933
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gullholmen fyr)
Gullholmen fyrstasjon

FylkeØstfold
KommuneMoss
FunksjonLeifyr
Oppretta1894
Koordinatar59°26.1114′N 10°34.6016′E / 59.4351900°N 10.5766933°E / 59.4351900; 10.5766933
Fyrtårn
Høgd8,2
FormLyktehus
ByggjematerialeGlasfiber
Fyrlys
LyskarakterOkkultert kvart 6. sekund
Lyshøgd16 moh.
Lysvidde11,5 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1984
Avfolka1984
Kart
Gullholmen fyrstasjon
59°26′07″N 10°34′36″E / 59.43527778°N 10.57666667°E / 59.43527778; 10.57666667

Gullholmen fyrstasjon eller Guldholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein liten holme i Oslofjorden i Moss kommune i Østfold. I dag består fyret av eit 8 meter høgt glasfibertårn, føre den gamle fyrbygningen.

Gullholmen fyrstasjon is located in Østfold
Plasseringa til Gullholmen fyrstasjon

Gamle Guldholmen fyrstasjon kom i drift 15. september 1894. Fyret fekk elektrisk straum i 1930 og rett før 1940 vart fyrbeteninga utvida med ein fyrbetjent. Fyrstasjonen vart automatisert i 1984 og fyret vart erstatta med ei fyrlykt som står føre fyrbygningen.

I 1989 vart Guldholmen fyr formelt overdratt frå Kystverket til Direktoratet for naturfovaltning og same året vart det skrive leigekontrakt mellom dei nye eigarane og stiftinga Gamle Guldholmen Fyr. Stiftinga vart oppretta for å drive vedlikehald og bevaring av det nedlagde fyranlegget på grunn av kulturhistorisk verdi, samt legge tilrette nye aktivitetar i bygningane. I dag vert det derfor drive utleige av den gamle fyrbygningen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]