Gullinbuste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moderne teikning av Gullinbuste.

Gullinbuste eller Gyllenbuste (norrønt Gullinborsti) er ein galte i norrøn mytologi som tilhøyrer Frøy. Han blir også kalla Slidrungtanne (Slíðrugtanni).

Frøy rir på Gullinbuste. Illustrasjon frå 1865.

Grisen blei laga av Ivalde-sønene Brokk og Eitre. Forteljinga om dette er attgjeven i Skaldskaparmål i Den yngre Edda. Gullinbuste har lysande bust som gjer natta så lys som dagen.[1] Han kan springa så raskt som ein hest, gjennom luft og over vatn.[2]

Frøy kan anten ri på grisen eller spenna han for ei vogn. I Husdråpa rir han på Gyllenbuste til Balder si gravferd, medan Snorre fortel i Gylfaginning at han dreg dit i ei vogn dregen av grisen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holtsmark, Anne (1896-1974) (1989). Norrøn mytologi: tru og mytar i vikingtida. Oslo: Samlaget. s. 150. ISBN 8252133444. 
  2. Holtsmark, Anne (1896-1974) (1989). Norrøn mytologi: tru og mytar i vikingtida. Oslo: Samlaget. s. 93. ISBN 8252133444.