Gullivers reiser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Gullivers reiser, eller Travels into Several Remote Nations of the World. In Four Parts. By Lemuel Gulliver, først som kirurg, seinare Kaptein over fleire skip. utgjeve i London 1726

Gullivers reiser er ein roman skrive av Jonathan Swift i 1726. Boka er ein kritisk allegori om samtiden. Den har ein satirisk innfallsvinkel på den menneskelege naturen, og er ein parodi på den litterære undersjangeren kalla for «skipperskrøner». Den er Swifts mest kjende fulle verk, og er i dag ein klassiker innan engelsk litteratur.

Boka vart ekstremt populær rett etter utgjevinga (John Gay skrev i eit brev til Swift frå 1726 at «den er universelt lese, frå statsrådar til barnerommet»), og den har truleg ikkje vore ute av produksjon sidan den gongen.[1]

Romanen sin fire deler[endre | endre wikiteksten]

Gulliver Exhibited to the Brobdingnag Farmar. Illustrasjon av Richard Redgrave (1807–1888)

I 1726 ga den sterkt politisk engasjerte engelskmannen Swift ut boka Gullivers reiser . Boka handlar om Lemuel Gulliver, ein tidlegare kirurg, som no var kaptein over fleire skip. Under ei ferd mot Ostindia vert han utsett for skipsforlis på fire særs spesielle stadar. Denne ferdskildringa vart enormt populær då den vart gjeve ut, dels fordi det var ei underhaldande bok som lesarane lett kunne identifisera seg med, men òg på grunn av den klokkereine samfunnskritikken Swift presenterer i boka. Gulliveres reiser, som er ein satire, osar av vrede mot dei mange dumskapane til menneska på ein lystig og hånande måte.

Boka vert delt inn i fire delar:

Del I: Reisa til Lilleputt[endre | endre wikiteksten]

Veggmåleri på leiketøybutikk i Bremen i Tyskland inspirert av forteljinga om Gullivers reiser til Lilleputt.
Gullivers reiser til , særlege reisa til Lilleputt, har kome i ei mengd versjonar, både som bøker, teikneseriar og filmar. Denne teikneserien vart gjeven ut i 1943 i ein serie i Illustrerte klassikere.
Frå Max og Dave Fleischers tegnefilm Gulliver's travels frå 1939. Den satiriske samfunnskritikken i den opphavlege romanen er fullt fråværande i denne humoristiske familiefilmen.

4. mai 1699–13. april 1702

Boka byrjar med eit kort forord der Gulliver, i tråd med stilen til bøkane på den tida, gjev eit kortfatta samandrag av si livshistorie i forkant av reisa.

På si første ferd vert Gulliver skylt i land etter eit skipsforlis, hvor han vaknar som fange hos eit folkeslag som er éin tolvtedel av storleiken på normale menneske (15 cm høge), som er innbyggjarar i dei rivaliserande nabolanda Lilleputt og Blefuscu. Etter å ha forsikra dem om si gode åtferd, vert han tildelt ein bustad i Lilleputt og vert ein favoritt ved hoffet. Her følgjer Observasjonane til Gulliver av hoffet i Lilleputt, som er eit forsøk på å satirisera hoffet til Georg I (Konge av Storbritannia då boka vart skrive). Gulliver hjelper lilleputtene med å terga deres naboar, blefuscuene (ved å stela flåten deres). Derimot nektar han å gjera landet til eit område av Lilleputt, til bade kongen og hoffet si store misnøya. Gulliver vert sikta for forræderi og vert til dømt blinding. Med hjelp frå ein hjelpsom ven klarer Gulliver å flykta til Blefuscu, der han oppdagar og tek kontroll over ein forlaten båt. Han seglar ut mot havet, til han vert funne og redda av eit forbipasserande skip og frakta heim. Strida mellom lilleputtene og blefuscuene skal representera strida mellom England og Frankrike, medan årsaka til krigen tek sikte på å satirisera feiden mellom katolikkar og protestantar, på tema som Swift kan ha sett på som trivielle.

Del II: Reisa til Brobdingnag[endre | endre wikiteksten]

20. juni 1702–3. juni 1706

Når sjøfartøyet Adventure kjem ut av kurs under ein storm, og mannskapet vert tvinga til å gå inn til land for å skaffa seg friskt vatten, vert Gulliver etterlate av sina medseilere og funne av ein 24 meter høg bondekjempe (skalaen på lilleputter er omtrent 1:12; brobdingnager er 12:1). Han tek Gulliver med seg heim, og lèt dottera si ta seg av han. Bonden nyttar Gulliver i ei oppvising, og nysgjerrige innbyggjarar betalar for å sjå på han. Etter kvart som ordet spreier seg, vert det klårt at dronninga av Brobdingnag ynskjer å sjå på tilstellinga. Ho får sansen for Gulliver og kjøper han. Innimellom fantastiske eventyr som slåssing mot kjempevepsar og å løftast opp til eit tak av ei ape, diskuterer han samfunnslivet i England med kongen, som ikkje vert overtydd. I samtalen kritiserer kongen ope England si styresmakt. På ein tur til sjøsida vert han frarøva si reiseveske av ein kjempeørn, som slippar både Gulliver og veska ned i sjøen. Gulliver vert då funne av nokon seilere som skipar han til England.

Del III: Reisa til Laputa, Balnibarbi, Glubbdubdrib, Luggnagg og Japan[endre | endre wikiteksten]

Skipet til gulliver vert angripen av piratar og han vert etterlate på ein øyda øy. Heldigvis vert han redda av den flygande øya Laputa, som er i konstant rørsle. Laputa er musikken sin og landet til matematikken, men ikkje i stand til å nytta desse kunnskapane til praktisk nytte. Reiskapen kalla for The Engine er moglegvis den første litterære skildringa til historia av noko som kan minna om ei datamaskin. Gulliver vert deretter teke med til Balnibarbi for å møta ein hollandsk handelsmann, som kan ta han med til Japan og derfrå vidare til England.

Del IV: Reisa til Houyhnhnmenes land[endre | endre wikiteksten]

7. september 1710–5. desember 1715

På trass av sina tidlegare planar om å halda seg heime, dreg Gulliver tilbake ut på sjøen, kor hans mannskap vert fanga av hollandske og japanske piratar i eit forsøk på å tvinga dem over på si side. Gulliver vert forlaten i ein liten båt og støyter først på ei rekkje tilsynelatande heslige, misforma skapningar. Like etter møter han ein hest, og forstår då at hestane er herskarar og dei misforma skapningane er menneske i enklaste form. Gulliver sluttar seg til hestane, og byrjar å beundra og etterlikna houyhnhnmene og deres livsstil. Houyhnhnms har derimot seinare ei forsamling som utviser Gulliver, i den tru at han er ei fare for deres sivilisasjon. Gulliver vert redda, mot si vilje, av eit portugisisk skip som tek han med attende til England.

Filmatiseringer[endre | endre wikiteksten]

Romanen har vorte filmatisert fleire gonger:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gulliver's Travels: Complete, Authoritative Text with Biographical and Historical Contexts, Palgrave Macmillan 1995 (s. 21).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]