Gullkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullkolibri
Gullkolibrihann
Gullkolibrihann
Gullkolibrihoe
Gullkolibrihoe
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av gullkolibri
Utbreiinga av gullkolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Sephanoides
Art: Gullkolibri S. fernandensis
Vitskapleg namn
Sephanoides fernandensis

Gullkolibri (Sephanoides fernandensis) er ein kritisk truga kolibriart i underfamilien Lesbiinae. Han er endemisk for Robinson Crusoe-øya i Juan Fernández-øygruppa som tilhøyrer Chile, og ligg ca. 670 km vest for stillehavskysten av Chile. Gullkolibri deler slekta Sephanoides med eldkronekolibri (S. sephaniodes).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gullkolibrien er blant dei mest radikalt kjønnsdimorfe kolibriane. Hann- og hofjørdrakta er så ulike, og til og med hoa har ei hannliknande iriserande krone, slik at ein på 1800-talet trudde dei var ulike artar. Mistakinga vart avslørt då ein oppdaga eit reir med ein av kvart kjønn. Hannane er 11,5 til 12 cm lange og veg omtrent 10,9 gram. Hoene er mindre, omtrent 10,5 cm lange og veg omtrent 6,8 g. Begge kjønna har eit rett svart nebb.[1]

Hannen er nesten heilt kaneloransje. Panna og krona er iriserande eldraudgul og vengene mørke kopargrå. Oversida av hoa er blågrøn med ei iriserande blålilla krone. Undersida er rein kvit med svarte og grøne flekker og vengene skifergrøne. Dei sentrale halefjørene og dei indre fjørfanane til dei andre er blågrøne og dei ytre fjørfanane kvite.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Habitatet er skogar, kratt og hagar, og fuglen favoriserer skuggefulle område. Om sommaren sest hannfuglar ofte i øyas einaste by, San Juan Bautista, og lever av blomstrane til tre av slekta Dendroseris som er endemiske for øygruppa, mange av dei er i seg sjølv kritisk trua artar. Reirfunn er frå høgder på mellom 120 og 660 moh.[1]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Gullkolibrien rører seg rundt på øya, antakeleg på jakt etter blømande plantar, men lever elles som standfugl.[1]

Gullkolibrien søkjer etter nektar ved blomstrane til endemiske planteartar, spesielt Rhaphithamnus venustus i jernurtfamilien og Dendroseris litoralis i korgblomfamilien. Den kan også livnære seg på introduserte artar i eukalyptusslekta og i Abutilon, kattostfamilien, om hausten og vinteren når dei fleste av dei stadeigne plantane ikkje blomstrar. Den et ved å klamre seg til blomstrane, og favoriserer skuggefulle blomstrar godt over bakken. Begge kjønn forsvarer territorium før føde, og hannar held dei meir produktive stadene. I tillegg til nektar lever arten av små insekt tatt i flukt eller plukka frå blad.[1]

Hekkesesongen til gullkolibriar er frå september til midten av november. Hoa konstruerer eit lite koppforma reir av vovne bregnefibrar, andre fibrar, mosar og edderkoppnett. Reira er oftast plasserte på tuppen av ein kvist under dekke, vanlegvis omtrent 4 m over bakken. Kullstorleiken er to egg. Rugetida og tida fram til flygedyktige ungar er ikkje kjent.[1]

Songen er «ei blanding av høge knirkande tonar, tørre grusaktige trillar og fallande skravling».[1]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

IUCN har vurdert gullkolibri som kritisk trua. Arten lever berre på ei lita øy. Populasjonen er estimert til 1500 til 3500 kjønnsmodne fuglar eller totalt 3000 til 5200 individ, og talet truleg er minkande. Øydelegginga av innfødde tre, som arten er avhengig av for reirplassar, er ei hovudårsak til nedgangen. Spreiinga av eksotiske zarzamora-bjørnebær (Rubus ulmifolius) og maqui-vinbær (Aristotelia chilensis), predasjon av tam- og villkattar, og øydelegging av introduserte kaninar og geiter bidreg òg. Han kan også lide av konkurranse om mat frå dei meir talrike eldkronekolibriane.[2]

Eit vernearbeid vart starta i 2004 av eit partnarskap mellom fleire organisasjonar med sikte på å hindre utrydding av arten. Innsatsen deira inkluderer å plante innfødde artar, fjerne ikkje-innfødde plantar og redusere introduserte rovdyr og konkurrentar. Øybebuarar har vorte tilsette som prosjektkoordinatorar og arbeidarar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Roy, M.S., G. M. Kirwan, og P. F. D. Boesman (2020). Juan Fernandez Firecrown (Sephanoides fernandensis), version 1.0 I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. Henta 18. februar 2023
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2020). Sephanoides fernandensis. IUCN Red List of Threatened Species. 2020: e.T22687863A179402328. doi:10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T22687863A179402328.en. Henta 18. februar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gullkolibri