Gullstandard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gullmyntfot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gullstandard er eit pengesystem der pengeeinninga er uttrykt som ei fast vektmengd gull, og der ein kvar kan krevje å få pengesetlane løyste inn i gull eller få gull i bytte for setlar.

England innførte gullstandard i 1816, som det første landet i verda. Ut over 1800-talet følgde dei fleste landa etter. I Noreg vart gullmyntfoten innført i 1875, i staden for den eldre sølvstandarden. I Russland og Japanvart gulstandarden innført i 1897.

Etter norsk gullstandard skulle grunnlaget for pengesystemet vere gull, og pengeeininga var ei krone med same verdi som vekta av 25/62 eller 0,40323 g fint gull. Gullstandarden var i Noreg suspendert frå 1914 til 1916, 1920-1928 og for godt frå 1931. I gjeldande lovverk har kroneverrdien ikkje noko formell samanheng med gullverdien.

Gullstandarden vart suspendert i dei fleste land under første verdskrigen. I England vart han suspendert for godt 21. september 1931, og dei skandinaviske landa og dei fleste samveldelanda følgde etter.

Former for gullstandard[endre | endre wikiteksten]

Gullstandarden kan gjennomførast som

  • Gullmyntfot - slik at ein kan veksle pengesetlar inn i gullmynt. I lanfd med dette systemet vil det sirkulere noko gullmynt ved sida av pengesetlane.
  • Gullbarrestandard - slik at ein kan krevje å veksle større summar i pengesetlar inn i store gullbarrar, oftast på 12,5 kg.
  • Gullvalutastandard - slik at ein kan veksle pengesetlane inn valuta frå eit land som har gullmyntstandard eller gullbarrestandard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]