Hopp til innhald

Gullvêrhane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullvêrhane
Gullvêrhane
Gullvêrhane
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Sverdliljefamilien Iridaceae
Slekt: Vêrhaneslekta Crocosmia
Art: Gullvêrhane C. ×crocosmiiflora
Vitskapleg namn
Crocosmia ×crocosmiiflora

Gullvêrhane eller hybridvêrhane (Crocosmia ×crocosmiiflora) er ei plante i vêrhaneslekta i sverdliljefamilien.[1] Arten er ein hagehybrid mellom dei to sørafrikanske artane valentinvêrhane og C. pottsii (C. aurea × C. pottsii).[2]

I Noreg er hybridarten ein framandart som er komen inn som prydplante og vart funnen forvillla i 1995. Han har ikkje frøformeiring, men er bufast spreidde stader i kyststrøk frå Aust-Agder til Møre.[2]Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] medan arten ikkje var risikovurdert i 2018.[4]

  1. «Artsdatabanken: Gullvêrhane». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 209. 
  3. «Fremmedartslista 2023: gullværhane Crocosmia ×crocosmiiflora (Lemoine ex Burb. & Dean) N.E.Br.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 11. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Crocosmia ×crocosmiiflora gullværhane». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 9. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]