Gulmaure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulmaure
Gulmaure
Gulmaure
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Søteordenen Gentianales
Familie: Maurefamilien Rubiaceae
Slekt: Galium
Art: Gulmaure G. verum
Vitskapleg namn
Galium verum

Gulmaure (Galium verum) er ei plante i maurefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 3 dm høg, stengelen er opprett og dunhåra med fire render. Blada er smale med innrulla kantar, og korthåra på undersida. Gulmaure har smal, tettblomstra topp og god lukt. Ho får ei snau, slett frukt. Planta blømer kring juli månad i turre grasbakkar. Ho finst over heile Noreg, men sjeldan lengst i nord. Gulmaure er funnen opp til 1080 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.