Jacana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gulpannebladhøna)
Jacana
Raudflikbladhøne Jacana jacana Foto: Gilberto Antonio Marcon dos Santos
Raudflikbladhøne Jacana jacana
Foto: Gilberto Antonio Marcon dos Santos
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Bladhøns Jacanidae
Slekt: Jacana
Brisson, 1760

Jacana er ei biologisk slekt av dei to artane bladhøns som lever i Amerika, raudflikbladhøne og gulpannebladhøne. Skrivemåten «Jacana» er Linné si nedskriving av namnet som kjem frå gammaltupi ñaha'nã gjennom brasiliansk portugisisk jaçanã[1]

Dette er vadefuglar med biotop i våtmark i dei amerikanske tropane og i subtropisk klima. Gulpannebladhøna er etablert hekkefugl frå kystområda i Mexico sør til vestre Panama, dessutan på Cuba, Jamaica og Hispaniola. Hekking førekjem òg i Texas. Raudflikbladhøna hekkar i det meste av Sør-Amerika aust for Andes i tillegg til i Trinidad og vestre Panama. Artane har overlappande leveområde i vestre Panama.

Desse to fugleartane er mykje like kvarandre, begge er ca. 22 cm lange, med lange halsar og ganske lange gule nebb. Vaksne er svarte og kastanjebrune, med lyse gulgrøne flygefjør som gjev iaugefallande kontrast når fuglane flyg. Beina er lange og grå, og som hos alle andre bladhøns, tærne er ekstremt lange, for å vandre på akvatisk vegetasjon som t.d. nøkkeroser, Nymphaeaceae. Dei har begge pannebles som sothøner har, og hudlappar. Farga på desse er det mest merkbare skilnaden mellom artane. Unge fuglar har brun overside og nær kvit underside, med ei gulbrun til kvit stripe over auget og ei mørk stripe bak.

Gulpannebladhøne, Jacana spinosa
Foto: dominic sherony

Dei største ulikskapane er at raudflikbladhøna har raudt pannebles og en raudleg hudlapp der gulpannebladhøna har gul farge. Gulpannebladhøna har litt brunleg farge på buken der raudflikbladhøna er heilt svart. Ungfuglar kan vere vanskeleg å identifisere, ettersom den einaste klåre skilnaden er forma på det lite utvikla pannebleset. Dei mørke fargene er noko mørkare på unge raudflikbladhøns enn på den nordlege arten.

Som hos dei fleste andre bladhøns er det hannfuglane som byggjer reiret, rugar, og fôrar ungane. Begge artane er polyandriske, i det minste i nokre fall. Hofuglane får kull av 4 egg for opptil fire partnarar, som kvar tar vare på kullet aleine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ferreira, A. B. H. (1986). Novo Dicionário da Língua Portuguesa (Second utg.). Rio de Janeiro: Nova Fronteira. s. 978. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jacana