Gulsildre
Utsjånad
| Gulsildre | |
Gulsildre | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Sildreordenen Saxifragales |
| Familie: | Sildrefamilien Saxifragaceae |
| Slekt: | Sildreslekta Saxifraga |
| Art: | Gulsildre S. aizoides |
| Vitskapleg namn | |
| Saxifraga aizoides | |
Gulsildre (Saxifraga aizoides) er ein plante i sildrefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta er kring 10 cm høg og har krypande skott og slakke fåblomstra stenglar. Blada er lysgrøne med kjertlar i kanten. Blomane har oftast 5 kronblad. Dei er bleikgule eller branngule, stundom purpurraude. Kronblada er litt lengre enn begerblada. Gulsildre blømer kring juli månad på våte, steinete og grusete stader. Planten finst i alle fjelltrakter i Noreg, og er funnen opp til 1700 m i Jotunheimen.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gullbräcka» frå Wikipedia på svensk, den 29. august 2010.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.