Gulsott
Utsjånad
| Gulsott | |||
| Eit symptom på gulsott er gulleg misfarging av sclera og konjunktiva i auget. | |||
| Klassifikasjonar og ressursar | |||
|---|---|---|---|
| ICD-9-kode: | 782.4 | ||
| ICD-10-kode: | R17 | ||
| ICPC-2: | D13 | ||
| DiseasesDB | 7038 | ||
| MedlinePlus | 003243 | ||
| MeSH | D007565 | ||
Gulsott, latin ikterus, er ein tilstand der huda og det kvite i augene blir farga gult. Ei årsak til gulsott er hepatitt. Ein kan også få gulsott som eit resultat av eksempelvis kreft i levra eller kraftig øydelegging av raude blodlekamar, ved til dømes malaria. Gulsott er ein naturleg tilstand hos nyfødde.
Gulfargen skuldast billirubin, eit nedbrytingsprodukt frå hemoglobin, som ein finn i dei raude blodlekamane.