Gunhild Anundsdotter
Gunhild Anundsdotter | |||
Fødd | 11. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Død | 1048 Danmark | ||
Tittel | Dronning av Danmark | ||
Regjeringstid | 1048–1049 | ||
Føregangar | Emma av Normandie | ||
Alle titlar | prinsesse, kongegemalinne, Dronning | ||
Hus eller slekt | Munsöætten | ||
Land | Sverige | ||
Mor | Gunhild (usikkert) | ||
Far | Anund Jakob | ||
Ektefelle | Sven Estridsson |
Gunhild Anundsdotter, også kalla Gyda Anundsdotter, var ei svensk kongsdotter og dansk dronning på 1000-talet. Leveåra hennar er ikkje kjende, men ho levde under kong Emund den gamle sitt styre på 1050-talet. Saxo Grammaticus kallar henne iblant Guda eller Gyda.
Gunhild blei gift med Sven Estridsson, men ekteskapet blei oppløyst på grunn av for nære blodsband. Ho levde deretter som om ho var enke, og vigde seg til saum og gjestmilde. Av dei meir enn 20 barna til Sven Estridssons veit ein ikkje om nokre som var med Gunhild.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]I Adam av Bremen si soge om Emund den gamle, og korleis han sende i veg Adalvard den eldre frå erkestiftet Hamburg-Bremen, blir det også fortalt korleis die på vegen heim etter å ha passert «fjelltraktene i Sverige» kom til ei «helgenlik» dronning Gunhild, som var skild frå kongen av danane ettersom dei var for nært i slekt. Ho budde no utanfor Danmark og vigde seg til fromma verke.[1] Saxo Grammaticus oppgjev liknande opplysingar, men kallar henne for Guda eller Gyda.
Adam av Bremen skreiv at ei Gunhild var enke efter Anund, og at ho ikkje måtte forvekslast med ei «Gude» som blei drepen av Thora.[2] Hans Gillingstam meinte at dette var ei anna Gunhild, og at det altså fanst fleire moglege forvekslingar.[3]

Ifølgje opplysingar som fyrst blei skrivne ned av Johannes Magnus skal Gunhild som enkedronning ha grunnlagt Gudhems kloster då ho vende tilbake til godset sitt i Västergötland frå Danmark i 1052. Gudhem skal ha tilhøyrd hennar gardar. Sjølve klosteret i Gudhem blei i røynda grunnlagt hundre år seinare.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gunhild Anundsdotter» frå Wikipedia på svensk, den 7. juni 2022.
- ↑ Adam av Bremen, bok 3, kapitel 15. Side 140
- ↑ Adam av Bremen, bok 3, skolion 66. Side 189
- ↑ Hans Gillingstam. «Gunhild». Svenskt biografiskt lexikon. Henta 27 november 2012.
- ↑ Markus Hagberg i Hagberg (2009)
- Bibliografi
- Adam av Bremen: Historien om Hamburgstiftet och dess biskopar, Proprius, Stockholm 1984. ISBN 91-7118-447-3. Libris 7604979.
- Hagberg, Markus: Gudhems kloster, Skara stiftshistoriska sällskap, Skara 2009, Skara stiftshistoriska sällskaps skriftserie, 1401-7725; 44. ISBN 978-91-977365-6-5. Libris 11365277.