Gunn Margit Andreassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunn Margit Andreassen
Gunn Margit Andreassen 2006.jpg
Fødd 23. juli 1973
Kristiansand
Yrke skiskyttar
Gunn Margit Andreassen på Commons

Gunn Margit Aas Andreassen (fødd 23. juli 1973) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Birkenes. Ho vart verdsmeister med Noreg sitt stafettlag i 2004, året før tok ho under VM 2003 si einaste internasjonale meisterskapsmedalje; bronsemedaljen på 15 km. I tillegg har ho vunne tre stafettmedaljar; bronse under VM 1997 og under OL 1998 i Nagano, samt OL-sølv i 2002 i Salt Lake City. Andreassen vart norsk meister to gongar; 1995 og 2003. Ho er sambuar med Frode Andresen, og brordotter av Reidar Andreassen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gunn Margit Andreassen markerte seg nasjonalt i 1992-sesongen med ein NM-bronse på skiskyttarsprinten i Skrautvål. Ho deltok i vinterleikane 1994 på Lillehammer utan å markere seg. Under NM 1995 i Fet i Akershus vart ho noregsmeister for fyrste gong då ho vann 15-kilometeren med over eitt minutt til neste løpar. Same sesongen gjekk ho som ankerkvinne Noreg inn til bronse på kvinnestafetten under VM i Antholz. To år seinare, i 1997, spurtslo Andreassen russiske Olga Romasko på VM-stafetten og sikra sølv for Noregs fire utvalde kvinner. I same meisterskapen i Osrblie vart ho beste norske deltakar individuelt med sin femteplass i sprint-øvinga.

Dei same fire norske kvinnene, Ann Elen Skjelbreid, Annette Sikveland, Liv-Grete Skjelbreid og Andreassen, som vann VM-sølv på stafetten i 1997, tok OL-bronse i Nagano i 1998. Einaste skilnaden var at Andreassen og Liv-Grete Skjelbreid hadde bytta etappar. Fire år seinare vart det stafett-sølv på Noregs kvinnelag i dei neste olympiske leikane i Salt Lake City. Sikveland var då borte frå laget, inn på andre etappen hadde Linda Tjørhom kome, elles stilte Noreg i same formasjon som i 1998, med Andreassen på tredje etappe.

I 2003 vart VM i skiskyting avvikla i Khanty-Mansijsk. Her lukkast Andreassen overmåte på 15 km, med fire fulle hus på skytebanen kom ho i mål som vinnar av bronsemedaljen. Same sesongen vart ho norsk meister for andre og siste gong då ho vann 7,5 km sprint i Tromsø. Eit nytt, stort høgdepunkt kom under VM 2004 i Oberhof der Noregs fire skiskyttarkvinner; Linda Tjørhom, Gro Marit Istad, Gunn Margit Andreassen og Liv Grete Poirée vann ein suveren siger på stafetten.

Andreassen deltok i sine fjerde olympiske leikar i 2006 i Torino, heilt utan suksess. Ho trappa ned satsinga på skiskyting etter OL-sesongen og la opp for godt i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar