Gunnar Alf Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Alf Larsen
Fødd 27. desember 1919
Christiania
Død

24. desember 2003

Yrke politikar

Gunnar Alf Larsen (27. desember 191924. desember 2003) var ein norsk industriarbeidar, politikar og embetsmann frå Oslo. Han representerte Oslo og ArbeidarpartietStortinget i 23 år mellom 1954 og 1977. Svein Larsen er sonen hans.

Gunnar Alf Larsen var sjømann frå 1936 og utdanna seg til maskinist i heimbyen. Under andre verdskrigen sat han 1942-43 arrestert i Grini fangeleir, deretter i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland til krigen var over.

Etter verdskrigen arbeidde Larsen som jarndreiar ved Akers mekaniske verksted til 1951, han var 1949-51 formann i Jerndreiernes forening. Åra 1951-54 arbeidde han i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund.

Larsen var vararepresentant frå Oslo til Stortinget frå januar 1954, men møtte fast i staden for statsråd Trygve Bratteli til 22. januar 1955, deretter i staden for statsråd Rakel Seweriin til 1. august same året. Etter vel eitt år utanfor Stortinget var Larsen på ny fast representant då Trygve Bratteli 28. desember 1956 tok sete i regjeringa. Tingbolkane 1958-61 og 1961-65 møtte han fast i staden for statsminister Einar Gerhardsen, men unnatak for dei fire vekene hausten 1963 då John Lyng var norsk statsminister. Frå 1965 til 1977 hadde Larsen fast plass. Larsen var 1954-55 medlem i Miltærkomiteen, 1957-sesjonen i Finans- og tollkomiteen, 1958-65 i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, nestformann 1965-69 i same komiteen. Tingperioden 1969-73 var Larsen formann i Forsvarskomiteen og frå oktober 1973 til 18. februar 1975 formann i Industrikomiteen. Til sist var han medlem av Forsvarskomiteen i to-og-eit-halvt år.

Larsen var formann i Oslo Arbeiderparti 1974–75. Han var fylkesmann 1977-79 i Buskerud og 1979-88 i Oslo og Akershus. I 1990 gav han ut boka Sluttspill.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]