Gunnar Bovim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Bovim

Fødd26. januar 1960
Bergen
NasjonalitetNoreg
Områdenevrologi
Yrkeprofessor, nevrolog, forskar
InstitusjonarNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materDet medisinske fakultet
MedlemNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
VervRektor ved NTNU 2013-2019
FøregangarTorbjørn Digernes
EtterfylgjarAnne Borg

Gunnar Bovim (fødd 2. februar 1960 i Bergen) er ein norsk lege. Han var rektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplge universitet (NTNU) frå 2013 til 2019.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bovim vart utdanna lege i 1985 ved Universitetet i Bergen. Han vidareutdanna seg til spesialist i nevrologi i 1993, og tok doktorgraden i nevrologi same år, ved Universitetet i Trondheim.

I 1998 vart han overlege og professor i nevrologi ved Det medisinske fakultet (NTNU).

Frå 1996 til 1998 var han prodekan, og frå 1999 til 2005 dekan, ved Det medisinske fakultetet (NTNU).

I perioden 2000–2005 var han leiar for tematisk satsingsområde medisinsk teknologi, NTNU. I 2005 vart han tilsett som viseadministrerande direktør og i 2006 som administrerande direktør ved St. Olavs hospital.

I 2009 byrja han som administrerande direktør i Helse Midt-Norge RHF, ei stilling han hadde til han byrja som rektor ved NTNU i 2013.

Bovim vart første gong tilsett som rektor 6. desember 2012,[1] og byrja i stillinga 1. august 2013.[2] NTNU sitt styre tilsette han i oktober 2016 for ein ny fireårsperiode.[3] I august 2019 varsla han styreleiar ved NTNU at han ønskte å slutta som rektor, to år før åremålstida var omme. Årsaken var at han no er i eit forhold til ei av kollegene, som òg sit i NTNU si leiargruppe. Prorektor Anne Borg tok over som rektor frå 13. desember 2019 (konstituert 21. august–12. desember 2019).[4][5] Etter at han gjekk av som rektor, gjekk han over i ei rådgjevarstilling med arbeidsområdet forsknings- og utdanningspolitikk ved universitetet.[6]

Bovim har hatt – ei rekkje styreverv, nasjonalt og internasjonalt; blant anna som medlem av Hovedstyret og leiar for Divisjonsstyret for samfunn og helse i Noregs forskingsråd, og som leiar av Norsk nevrologisk forening frå 1998 til 1999. I perioden 2004–2007 var han delegat for Noreg i European Medical Research Council, og frå hausten 2013 var han medlem i styret for Universitets- og høgskolerådet (UHR) og sit i Research Policy Working Group under European University Association (EUA).

Bovim har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar og vart i 1993 tildelt forskningsprisen til Norsk Migreneselskap. I 1995 mottok han Dr Ragnar Forbergs stipend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gunnar Bovim blir ny rektor ved NTNU (pressemelding frå NTNU, 6. desember 2012)
  2. Første dag som rektor ved NTNU (videointervju frå NTNU sine campusar, 1. august 2013)
  3. Meland, Svein I. (26. oktober 2016) «Gunnar Bovim får ny periode som NTNU-rektor». I: Adresseavisen
  4. Bovim slutter som rektor
  5. Oksholen, Tore (13. desember 2019), «Her er NTNUs nye rektor», universitetsavisa.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 31. oktober 2020, henta 18. mars 2020 
  6. Hanger, Mari Rian (10. september 2019). «Bovim får 1.250.000 som rådgiver». universitetsavisa.no (på norsk bokmål). Henta 19. september 2019. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]