Gunnar Eriksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunnar Eriksson
Gunnar Eriksson StMoritz 1948.jpg
Fødd 3. januar 1921
Mora kommun
Død

8. juli 1982
Mora kommun

Krång Erik Gunnar Eriksson (3. januar 19218. juli 1982) var ein svensk langrennsløper som vart verdsmeister på femmila under ski-VM 1950 i Lake Placid i USA. Han vart både fødd og døydde i Mora i Dalarna.

Eriksson tok bronse på 18 km under vinter-OL 1948 i St. Moritz i Sveits, då svenskar vann alle medaljane, men han han var langt bakom både olympiameisteren Martin Lundström og Nils Östensson. Saman med dei same to og Nils Täpp tok Eriksson gull for Sverige på 4 x 10 km stafett, med nesten ni minuttars forsprang til sølvlaget frå Finland.

Under Ski-VM 1950 vart Eriksson verdsmeister på 50 kilometer, framom landsmennene Enar Josefsson og Nils «Mora-Nisse» Karlsson.

Erikson vart nummer 12 på femmila under vinter-OL 1952 i Oslo, og nummer 15 på den nye meisterskapsdistansen over 30 km i si siste store meisterskapstevling, på svensk heimebane under ski-VM 1954 i Falun.

Eriksson vart aldri individuell svensk meister, men både i 1945 og 1950 gjekk han startetappen då IFK Mora vart stafettmeistrar. Ved begge høva gjekk Anders Törnkvist og Nils Karlsson dei to andre etappane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]