Gunnar Fant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Fant
Gunnar Fant.jpg
Fødd8. oktober 1919
Nyköping
Død6. juni 2009
Danderyd
NasjonalitetSverige
Områdeakustikk, språkvitskap
Yrkeingeniør, språkforskar, akademikar
InstitusjonarKungliga Tekniska högskolan
Alma materKungliga Tekniska högskolan
EktefelleAnn-Marie Fant
MedlemDet kongelege ingeniørvitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
National Academy of Engineering

Carl Gunnar Michael Fant (8. oktober 19196. juni 2009)[1] var ein svensk lingvist, sivilingeniør og professor ved Kungliga tekniska högskolan i Stockholm.

Fant blei verdskjend for forskinga si på talesyntese og sambandet mellom artikulatorisk fonetikk og akustisk fonetikk.

Gunnar Fant tok sivilingeniøreksamen i elektroteknikk 1945. Eksamensarbeidet hans galdt akustikken til menneskerøysta. Etter eksamen heldt han fram med dette arbeidet, fyrst ved Ericsson, seinare ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han var med og skapte talekommunikasjonsinstituttet ved Kungliga tekniska högskolan (den noverande Institutionen för Tal, Musik och Hörsel), den gongen eitt av svært få i sitt slag i verda. Han var professor i taleoverføring ved Kungliga tekniska högskolan i åra 1966-1987 og deretter professor emeritus.

Arbeidet til Fant førte til ein ny æra i talesynteseen. I 1952 publiserte han, i lag med Roman Jakobson og Morris Halle, ei bok der teorien om fonetiske særdrag blei lagde fram for fyrste gong.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]