Gunnar Fatland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Fatland
Fødd 9. november 1946
Kvinnherad
Yrke politikar, bankier

Gunnar Olav Fatland (fødd 9. november 1946) er ein norsk bankmann og politikar, fødd i Kvinnherad i Hordaland. Han representerte Rogaland og partiet HøgreStortinget i tida 1985-97.

Fatland var son til ein bygningsarbeidar og voks opp på Tau i Strand kommune i Rogaland. Etter handelsskule tok han ei rekke kurs i bankvesen og arbeidsleiing, så vel som 1. avdeling juridikum. Han var tilsett ved sparebankane i Skånevik og Strand i 1964 til 1972 og kontorsjef i Strand kommune 1973-75. Deretter arbeidde han in to år for sparebankane i Rogaland, før han i 1977 vart banksjef i Rogalandsbanken i Jørpeland.

Frå 1980 til -83 var Fatland ordførar i Strand kommune, sidan formannskapsmedlem 1984-87. Hausten 1985 vart han vald til stortingsrepresentant frå Rogaland, då han vann sistemandatatet frå fylket, noko som gjorde at Høgre hadde tre representantar frå Rogaland i fireårsperioden. Sidan vart han attvald to gongar, då som Høgre sin toppkandidat u Rogaland. Bortsett frå 1987/88-sesjonen, då han var med i Forbrukar- og administrasjonskomitéen, hadde Fatland plass i Energikomiteen. Han var då den energipolitiske talsmannen i Høgre, og utmerkte seg som ein pådrivar for å få bygt gasskraftverk.

Fatland arbeidde i banknæringa også i tida etter han var stortingsrepresentant. Frå 1997 var han såleis regionbanksjef i SpareBank 1 SR-Bank, til dess han i åra 2002-06 var sjef for lån til offentleg sektor i same banken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]