Gunnar Friedemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Friedemann


Statsborgarskap Estland
Fødd 22. september 1909
Tallinn
Død

22. februar 1944 (34 år)

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1935, Sjakk-OL 1937, Sjakk-OL 1939

Gunnar Friedemann (22. september 190922. februar 1944) var ein estisk og jødisk sjakkmeister og eit offer for jødeutryddingane under andre verdskrigen (holocaust).

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Friedemann spelte fleire gongar i den estiske meisterskapen i sjakk i Tallinn.

  • I 1932 delte han 3-4.-plass med Johannes Türn i den 4. estiske meisterskapen, Leho Laurine vann.
  • I 1933 vann han den 5. estiske meisterskapen.
  • I 1934 var han nr 3, etter Ilmar Raud og Paul Felix Schmidt i den 6. estiske meisterskapen.
  • I 1935 vart han nr 2, etter Paul Keres i den 7. estiske meisterskapen.
  • I 1939 tok han 3-plassen i den 10. estiske meisterskapen, Raud vann.[1]

I 1935 tapte han ein liten tvekamp mot Keres i Tallinn (+1 –2 =0).

Friedemann spelte for Estland i fleire sjakkolympiadar (lag-VM i sjakk):

  • I 1935, på andre bord i det 6. sjakk-OL i Warszawa (+6 –6 =7);
  • I 1936, på tredje bord i det uoffisielle sjakk-OL i München (+9 –5 =6);
  • I 1937, som første reserve i det 7. sjakk-OL i Stockholm (+6 –2 =5);
  • I 1939, på fjerde bord i det 8. sjakk-Ol i Buenos Aires (+11 –3 =3).

I sjakk-OL i Buenos Aires vann Estland bronsemedalje totalt, mellom anna på grunna av eit jamnt godt lag, der Keres på første bord og Friedemann på fjerde bord var dei som skåra best. Friedemann vann individuell gullmedalje for resultatet på fjerde bord.[2]

Under andre verdskrigen spelte han to gongar mot Keres i lagkampar i 1940.[3]

Gunnar Friedemann døydde berre 34 år gammal, i 1944, som eit offer for nazi-Tyskland sine jødeutryddingar, holocaust.[treng kjelde]

Minneverdige parti[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]