Gunnar Garbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Garbo
Gunnar Garbo.jpg
Fødd19. april 1924
Bergen
Død29. juni 2016
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør, diplomat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
FarIngvald Garbo
EktefelleBirgit Brock-Utne

Gunnar Garbo (19. april 192429. juni 2016) var ein norsk journalist, politikar og statstenestemann frå Bergen. Han var stortingsrepresentant frå Bergen og seinare Hordaland i perioden 1958 til 1973, formann i partiet Venstre frå 1964 til 1970 og parlamentarisk leiar 1972-73. I sitt minneord «Den radikale liberalaren» skriv Ottar Grepstad at Garbo var «venstremannen med journalistisk blikk for endring og utenkte perspektiv. I heile sitt politiske liv tenkte han sjølv, skreiv skarpt og talte klokt. Han stoppa aldri opp, tolka sine eigne politiske prinsipp i skiftande politiske situasjonar og blei etter kvart den radikale liberalaren som såg meir til venstre enn til Venstre»[1]. Garbo var gift med pedagogen Birgit Brock-Utne.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Faren Ingvald Garbo deltok under den tyske okkupasjonen av Noreg i motstandsarbeidet og byrja lage ulovlege aviser som han distribuerte til tyske soldatar. I 1941 vart han arrestert og avretta, som ein av dei fyrste norske motstandsfolka. Den 17 år gamle sonen Gunnar Garbo vidareførte arbeidet, til han i 1944 flykta til Sverige.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Garbo var journalist i Bergens Tidende frå 1945 til 1954, deretter redaktør i Nidaros fram til 1957. Han var medlem av bystyret i Bergen 1948–54 og i Trondheim 1956–57. Etter ein kort ny periode i Bergens Tidende, vart han hausten 1957 vald inn på Stortinget for Venstre.

Garbo under valkampen til Stortingsvalet 1969

Garbo var stortingsrepresentant i fire påfølgjande periodar. I den fyrste fireårsbolken var han medlem i Protokollkomiteen, sidan hadde han plass i Finans- og tollkomiteen i tolv sesjonar. På Stortinget viste han sitt sjølvstende, mellom anna då han hausten 1965 som formann i Venstre, stilte «vanskelege spørsmål om Vietnam-krigen»[1] til den ferske Borten-regjeringa, ei regjering Venstre var ein del av. Han «gjekk frå ja til nei til EF og gav den norske kritikken av den europeiske stormakta eit liberalt ansikt»[1]. Men «[s]jølvtenkjande som han var, kunne han ikkje bli nokon stor partileiar»[1] og i 1970 trekte han seg frå formannsvervet og vart erstatta av Helge Seip. Etter partiet Venstre og partigruppa vart kløyvd hausten 1972, vart Garbo vald til parlamentarisk leiar for den reduserte Venstre-gruppa. Han lukkast ikkje å verte attvald til Stortinget i 1973. Lik «ein Sjur Lindebrække eller Berge Furre var Gunnar Garbo ein politikar og forfattar som heldt fram der saklistene slutta og store spørsmål venta»[1], ytra Ottar Grepstad.

Frå 1975 arbeidde Garbo som underdirektør i Utanriksdepartementet til 1987. Deretter var han Noregs ambassadør til Tanzania fram til 1992.

Garbo var i mange år medlem av Regjeringa sitt nedrustningsutval. Han markerte seg i dei seinare år som ein sterk forsvarar av FN. Utanrikspolitisk «sette han sin lit til Dei sameinte nasjonane og den internasjonale folkeretten og godtok aldri den kalde krigen som argument mot nedrustning»[1]. Til partiet Venstre vart han jamt meir kritisk og meinte «[partiet] har gått altfor langt til Høgre» i retning «økonomisk liberalisme». Han var dessutan ein sterk motstandar av NATO sin «Out of Area»-strategi.

Garbo gav mellom anna ut bøkene Makt og bistand i 1993, Kampen om FN i 1995 og i 2000 Nu går jeg fra dere. En fars liv og død – fra krigens dager i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Ottar Grepstad: «Den radikale liberalaren»
  • Stortingsbiografi
  • Ottar Grepstad: «Den radikale liberalaren», minneord i Dag og Tid 1. juli 2016.