Gunnar Gjengset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Gjengset
Fødd10. mai 1946
NasjonalitetNoreg
Yrkebiograf, skodespelforfattar, vitskapsperson, forleggjar
Alma materUmeå universitet

Gunnar Hauk Gjengset (fødd 10. mai 1946) er ein norsk filolog og forfattar.[1]

Gjengset vart i januar 1970 arrestert i Sovjetunionen for å demonstrera mot Bresjnev-regimet.[2] Gjengset hadde reist til Leningrad for å dela ut løpesetlar for å frigi forfattaren Yoli Galanskov og krigshelten Pjotr Grigorenko, begge kjende dissidentar. I rettssaka som følgde vart Gjengset dømd til eitt år i straffeleir, men vart lauslaten etter internasjonalt press etter vel ein månads internering i kriminalasyl. Han skreiv seinare boka Under jernteppet om dette.

Gjengset har doktorgrad i litteraturvitskap frå Umeå universitet om den samiske forfattaren Matti Aikio (Matti Aikio - verk og virke, Umeå 2011).[3] Gjengset har skrive fleire bøker, mellom anna ein biografi om Gustav Vigeland. Han er òg aforistikar, og har ei dagleg spalte Dagens sukk i Klassekampen, under pseudonymet Hauk.[4] Spalta gjekk i Adresseavisen i meir enn 20 år.

I boka Avoid the Void (2013), utgitt på det New York-baserte vanityforlaget Morgan James Publishers, drøftar han alkoholisme.[5]

Saman med Harald Gaski har han skrive Johan Turi, eit skodespel om forfattaren Johan Turi. Dette stykket hadde urpremiere på Det Norske Teatret i Oslo 6. september 2017, produsert og framført av Beaivvás samisk nasjonalteater.[6] Stykket vart òg framført under bokmessa i Frankfurt i 2019.[7] I 2020 gav Gjengset ut ei ny aforismesamling, Nye sukk med illustrasjonar av Håkon Bleken, på sitt eige Hauk Forlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]