Gunnar Greve Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Greve Pettersen

Fødd9. mars 1982
FødestadBergen i Hordaland i Noreg
FødenamnGunnar Greve Pettersen
AliasGest
OpphavNoreg
SjangerHiphop, rap
InstrumentVokal
Verka somSongar

Gunnar Greve Pettersen, og kjend som Gest (fødd 9. mars 1982) er ein norsk hiphop-artist og rappar. I 2011 var han dommar i fjernsynsprogrammet IdolTV2.[1]

Han rappa i bandet Spetakkel frå 1999 til 2005, saman med «TomTom», «Piddi» og «Trost», og med «DJ Leven» som snurra plater. Gest og Piddi hadde i 1996 også danna gruppa Lynx Connection (seinare Verbally Vicious).

Dei siste åra har han jobba som soloartist. I 2006 var han ein av artistane på Dans til musikken, eitt samlealbum som blei gitt ut for å heidre Lasse Myrvold sitt bidrag til norsk musikkhistorie, og i 2007 gav han ut debutalbumet sitt, I Grevens Tid.

Februar 2009 hadde han konsert på VilVite-senteret i Bergen, i samanheng med maritim yrkesmesse. 22. juni 2010 song han på opninga av Bybanen i BergenNesttun.

Han har også vore sjef i Nordnæs Bataillon.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]