Gunnar Gundersen
Utsjånad
| Gunnar Gundersen | |||
| Gunnar Gundersen i 2017 Foto: Kjetil Ree | |||
| Fødd | 21. mai 1956 (70 år) Åsnes kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre (2025) | ||
| Yrke | politikar, symjar | ||
| Utdanna ved | University of Wisconsin–Madison University of California, Berkeley | ||
| Barn | Tore Andreas Gundersen | ||
| Alle verv |
| ||
Gunnar Adolf Gundersen (fødd 21. mai 1956 i Åsnes) er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark i 2005.
Gundersen er utdanna økonom frå University of Wisconsin, Madison (1975–1979) med fordjuping i skogbruksøkonomi frå University of California, Berkeley (1981–1982). Han har arbeidd som forskingsassistent ved Institutt for skogøkonomi, NLH, administrerande direktør i Kappa Rena (1993–1997) og dagleg leiar i Åsnes næringshage. Han har også vore styreleiar i Norskog (1990–1994), Losby Bruk og Skogbrand.
Gundersen var leiar i Hedmark Høgre 2004–2006, og medlem av Åsnes kommunestyre 2003–2005.
Han dreiv tidlegare med symjing, har vunne norske og nordiske meisterskap og deltok i dei olympiske leikane 1976.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2005–2009: Medlem i Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2009–2013: Medlem i Finanskomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Høgre - Biografi Arkivert 2010-08-08 ved Wayback Machine.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1956
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Hedmark
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Norske økonomar
- Norske symjarar
- Norske deltakarar under sommar-OL 1976
- Symjarar under sommar-OL 1976
- Folk frå Åsnes