Gunnar Halle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Halle


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. august 1965 (58 år)
Larvik
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994, VM i fotball 1998

Gunnar Halle (fødd 11. august 1965 i Larvik) er ein tidlegare norsk fotballspelar som i perioden 1987-99 spelte 64 landskampar for Noreg og skåra fem landslagsmål. Sidebacken Halle deltok i VM i fotball 1994 i USA og 1998 i Frankrike.

Fram til 1985 spelte Halle for Larvik Turn i 3. divisjon. Han melde då overgang til Lillestrøm Sportsklubb, der han var fast på laget fram til 1990. Våren 1991 vart han overført til engelske Oldham Athletic, som var i ferd med å rykke opp i toppdivisjonen. Gjennom fem sesongar var Halle fast høgreback for Oldham. Sommaren 1996 gjekk ferda vidare til Leeds United, der han spelte i tre sesongar. 1999-2002 var han Bradford City-spelar, og så ei kort tid Wolverhampton-spelar. Frå sommaren 2002 og ut 2003-sesongen var han atter å sjå i Lillestrøm-drakt.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Cupmeister 1985 med Lillestrøm
  • Tapande cupfinalist 1986 med Lillestrøm
  • Seriesølv med Lillestrøm: 1985 og 1988

Kjelder[endre | endre wikiteksten]