Gunnar Hansen Horn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Hansen Horn
Fødd 25. juni 1894
Christiania
Død

15. juli 1946

Yrke oppdagar, geolog, ingeniør

Gunnar Hansen Horn (25. juni 189415. juli 1946)[1] var ein av dei fremste geologane i landet, kjent for då han leia ekspedisjonen som fann leiren etter Andrées ballongferdKvitøya.

Han var bergingeniør frå NTH i 1916, studerte ved Royal School of Mines i London fram til 1920, og dreiv oljeleiting for eit engelsk oljeselskap i Trinidad og Venezuela 1920-1923. Med Johan Braastad leitte han i 1925 etter olje i Kaspihavet. I 1928 mottok han ein doktorgrad frå Technische Universität Berlin på ei avhandling om petrografien til Svalbardkolet. Frå 1929 til han døydde var han ved Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser og oppdaga tilfeldigvis leirrestane frå Andrées ballongferdBratvaag-ekspedisjonen sommaren 1930 for å annektere VictoriaøyaFrans Josefs land. Som hobby dreiv Hansen Horn karst-topografi over kalksteinsgrottene i Nordland. I 1945 vart han leiar for Noregs naturvernforbund. Han døydde uventa på ein ekspedisjon med skuta «Mari» for å gjenopprette Isfjord radio og dessutan utplassere nye fyrlykter langs vestkysten av Svalbard. Faren hans var arkitekt og overlærer Finn Horn.

Neset HornoddenKvitøya er kalla opp etter han.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]