Hopp til innhald

Gunnar Øystein Helgevold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gunnar Helgevold)

Gunnar Øystein Helgevold (fødd 24. oktober 1955) er ein norsk advokat og handballspelar frå Stavanger. Han vart seriemeister 1981 med Nordstrand IF og 1983 og 1984 med Kolbotn IL. I 1985 vart han noregsmeister med Stavanger IF og i 1988/89 med Viking HK. Helgevold var linjespelar på det norske landslaget.

Helgevold er utdanna jurist og jobba i politiet før han byrja som advokat i heimbyen Stavanger. Gjennom åra har han vore forsvarar i fleire saker som har fått stor merksemd i media.

Helgevold var medlem i IL Viking fram til han våren 1973 melde seg inn i Stavanger IF. Frå hausten 1976 var han Nordstrand-spelar. Her bidrog han til at oslolaget vann 1. divisjon våren 1981. 1981/82-sesongen var han atter SIF-spelar. 1982-84 ytte han sitt til at Kolbotn IL vart seriemeister begge sesongane. Så var han enno ein gong, 1984-86, SIF-spelar. Her fekk han vere med på å vinne cupfinalen 14. desember 1985. I 1986 melde han seg til teneste då Viking Håndballklubb vart skipa. Han spelte på laget i åra fram til 1991.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Helgevold fekk sin landslagsdebut 9. oktober 1976, og sin siste kamp i landslagsdrakt 5. februar 1981. Danmark var motstandar i begge kampane, begge enda med norsk tap. Til saman deltok Helgevold i 60 landskampar og skåra 49 mål. 9 av sine landslagsmål skåra han då Noreg og Island spelte uavgjort 18–18 den 28. september 1980.

  • Seriemeister: 1981 for Nordstrand IF
  • Seriemeister: 1983 og 1984 for Kolbotn IL
  • Noregsmeister: 1985 for Stavanger IF
  • Noregsmeister: 1988/89 Viking HK