Gunnar Hvashovd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Hvashovd
Fødd24. januar 1924
Kongsberg kommune
Død12. oktober 2001 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Gunnar Thorleif Hvashovd (24. januar 192412. oktober 2001) var ein arbeidar og politikar frå Kongsberg som representerte Buskerud og ArbeidarpartietStortinget i tida 1969-81.

Far til Hvashovd arbeidde på våpenfabrikken på Kongsberg. Frå 1942 arbeidde han sjølv på Kongsberg Våpenfabrikk som dreiar, arbeidskontrakten vart ikkje oppheva før enn i 1982.

Hvashovd engasjerte seg tidleg i lokalpolitikken på Kongsberg. Frå 1948 til -55 var han medlem av bystyret. I 1960 tok han på ny sete i bystyret, då som ordførar. Han beheldt ordførarombodet til 1969, då han sa det frå seg ettersom han same hausten vart vald inn på Stortinget.

Hvashovd vart sikra attval til Stortinget både i 1973 og 1977. Alle tolv åra han var stortingsrepresentant var han medlem av Sosialkomitéen. Den siste valperioden, 1977-81, var han også medlem av Fullmaktskomitéen.

Ei tid var han styreformann i Kongsberg sjukehus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]