Gunnar Isachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Isachsen
Gunnar Isachsen4.jpg
Fødd 3. oktober 1868
Drøbak
Død

19. desember 1939
Asker

Yrke oppdagar, militær
Gunnar Isachsen på Commons

Gunnerius Ingvald Isachsen (fødd 1868 i Drøbak, død 1939) var ein norsk offiser og oppdagar.

Isachsen vart premierløytnant i kavaleriet 1891, rittmeister 1899, fekk avskjed som fastlønna offiser 1917 og major i landvernet 1924. Gunnar Isachsen var styrer (og seinare den første direktøren) av Norsk Sjøfartsmuseum frå 1923.

Han var med på Otto Sverdrup sin ekspedisjon med «Fram» 1898-1902 som topograf, og kartla store område av inntil då ukjende øyar nord for Canada. Frå 1903 til 1905 deltok han i fransk militærteneste i Algerie og Paris, og i 1906 og 1907 leia han ekspedisjonar til Svalbard. Desse var utsendt og betalt av fyrst Albert I av Monaco.

I 1909 og 1910 leia han sine eigne statsunderstøtta ekspedisjonar til Spitsbergen, og ved desse ekspedisjonane grunnla han det seinare norske systematiske forskingsarbeidet på Svalbard. Ved handsaming av Spitsbergenspørsmålet på fredskonferansen i Paris 1919 var Gunnar Isachsen den norske regjering si tekniske delegerte. Gunnar deltok i ekspedisjonar til Aust-Grønland i 1923 og 1924, og var med særskilt oppdrag på kvalfangst i Rosshavet 1926-27, Statens kvalinspektør i Sørishavet 1929-30, leiar av den fjerde Norvegia-ekspedisjonen rundt Antarktika 1930-31.

Han er avbilda på eit norsk frimerke i 2006, i høve 100-årsminnet for utforskinga av Svalbard.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Reiser på Spitsbergen 1906 og 1907. (1908)
  • Ishavsfolk og ferder I: Det Norske geografiske selskabs aarbok 1916-1919 (1921) (ny utgave 1997)
  • Norske fangstmænds færder til Grønland (1922) (særtrykk av geografisk selskabs årbok 1919-21)
  • Grønland og Grønlandsisen (1925)
  • Jorden rundt efter blåhvalen (1927)
  • En ishavsskippers saga (1928)
  • Samt fleire artiklar i Vitenskapsselskapet sine skrifter, geografisk selskaps årbok og Sjøfartsmuseets årbøker. Sjå Sambok for 51 treff
  • Ole R. Thoresen «Gunnar Isachsen in memoriam». I: Norsk sjøfartsmuseum 1914-1939. 1940

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gunnar Isachsen