Gunnar Kalrasten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Kalrasten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. september 1905
Død

5. mai 1964 (58 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Gunnar Kalrasten (5. september 19055. mai 1964) var ein norsk skog- og jordbrukar frå Biri i Oppland. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1947 til 1964.

Kalrasten var son til ein trelasthandlar. Etter folkeskulen og framhaldsskule, gjekk han kurs i skog- og jordbruk. Han arbeidde nokre år med skog- og jordbruk, var mellom anna skogsarbeidar og fløytar i Russland i 1931-32. I 1930 tok han over eit småbruk som han dreiv til han døydde. Han vart i 1941 tilsett som styrar av skogetaten i Biri herad, frå 1945 som heradsblinkar. På same tid fekk han også styringa med ein del private skogar.

Heilt frå 1933 til 1963 var Kalrasten med i formannskapet i Biri, varaordførar 1945-51. Han var også formann 1929-35 i Arbeidsledighetsnemnda og 1945-57 i Forsorgstyret i Biri. Perioden 1957-64 var han styremedlem i Direktoratet for Statens skoger.

Kalrasten var varamann til Stortinget 1945-47, og rykte inn på Stortinget då Olav Meisdalshagen vart statsråd seint i 1947. Frå 1950 til han døydde i 1964 hadde Kalrasten fast plass på tinget. Han var frå mars 1948 og ut 1949-sesjonen medlem i Veg- og jarnbanekomiteen. Sidan 1950 var han medlem av framhaldet, Samferdslekomiteen, sekretær i komiteen 1958-64.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]