Gunnar Kjønnøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Kjønnøy
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juni 1947 (76 år)
Averøy kommune
Yrke embetsmann

Gunnar Kjønnøy (fødd i 1947 i Averøy i Møre og Romsdal) er fylkesmann i Finnmark. Han vart utnemnd til fylkesmann i desember 1998, med sete i Vadsø kommune.

Kjønnøy er utdanna sosialøkonom (cand .oecon) frå Universitetet i Oslo hausten 1972. Han kom til Finnmark frå Fiskeridepartementet, der han jobba til saman 19 år i ulike leiarroller, derav dei 10 siste åra som departementsråd. Han har tidlegare vore tilsett i Kommunal- og regionaldepartementet, Distriktenes utbyggingsfond og Finansdepartementet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]