Hopp til innhald

A Deepness In the Sky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gunnar Larson)
A Deepness In the Sky
 
Forfattar(ar)Vernor Vinge
Språkengelsk
Blei til1999
Sjangerscience fiction
Utgjevenmars 1999

A Deepness In the Sky er ein science fiction-roman av Vernor Vinge frå 1999. Forteljinga handlar om ei tid då menneska har befolka store delar av galaksen og romfart mellom ulike solsystem er daglegdags. (Ho er ein forløpar til romanen A Fire Upon the Deep, sjølv om sistnemnde kom ut sju år tidlegare og handlinga der går føre seg 30 000 år lengre fram i tid.) For denne romanen vann Vinge i 2000 Hugo-prisen for beste roman, noko som er ei av dei største ærestilvisingane ein science fiction-forfattar kan få.

Mykje av handlinga i romanen finn stad i romstasjonen Hammerfest, der menneske frå svært ulike kulturar (og solsystem), som aldri før har hatt kontakt med kvarandre, blir nøydde til å leva i lag og læra seg å samarbeida, etter at romskipa deira vert øydelagde slik at dei ikkje kan reisa heim til sine eigne respektive solsystem. Dei sosiale og etiske konfliktane som oppstår i dette samlivet, og ikkje minst når dei møter ein fullstendig framand kultur av intelligente ikkje-menneskelege vesen frå ein planet i nærleiken, er engasjerande og tankevekkjande for lesaren.

Ei interessant side ved forteljinga er at folk (som reiser i rommet) oppgjev alle tidsrom i sekund, kilosekund eller megasekund, aldri i dagar eller år, som jo er planetspesifikke måleeiningar og difor lite nyttige i romfart.

Ein kuriositet for norske lesarar er kapitlet om sivilisasjonen på Trygve Ytre, den ytste av månane til planeten Trygve, der innbyggjarane har norskklingande namn som Gunnar Larson.