Gunnar Mandt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gunnar Tarjusson Mandt (12. juli 186921. september 1949) var ein norsk skulemann og lokalhistorikar frå Vrådal i Telemark.

Mandt tok eksamen ved lærarskulen i Kviteseid i 1889. Der etter var han folkeskulelærar i Kviteseid, og seinare i Vestre Slidre. Før 1910 byrja han som lærar i framhaldsskulen på Skotterud i Eidskog, der han vart verande til han gjekk for aldersgrensa i 1939.

Mandt var aktiv i den frilynde ungdomsrørsla, skipa og styrte bladet «Valdres». Han gav i 1925 ut Varden-boka og var hovudforfattar til Jubileumsskrift for Solør-Odal, ei bok som kom ut i samband med 100-årsjubileet for opprettinga av kommunane i Noreg. Mandt skreiv manus til to band av Brandval-boka, begge banda kom ut etter han døydde på Bekkestua i Akershus fylke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Autoritetsdata: