Gunnar Nordström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Nordström
Gunnar Nordström.jpg
Nordström, 35 år gammal
Fødd12. mars 1881
Helsingfors, Finland
Død24. desember 1923
Helsingfors i Finland
BustadFinland, Tyskland, Sveits og Nederland
Statsborgarskaprussisk og finsk
Nasjonalitetfinsk
OmrådeFysikk og mekanikkfysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarTekniska högskolan i Helsingfors
Alma materTekniska högskolan i Helsingfors (ingeniør),
Helsingfors universitet (Master of Science og PhD)
Kjend forNordströms gravitasjonsteori
Kaluza–Klein-teori
Reissner–Nordström-metrikk
InfluerarAlbert Einstein
InfluerteAlbert Einstein, Rolf Nevanlinna

Gunnar Nordström (12. mars 188124. desember 1923) var ein finsk fysikar.

Han tok doktorgraden i 1909 ved Helsingfors universitet og var dosent der frå 1910 til 1918. Han vart professor ved Tekniska högskolan i Helsingfors 1918–23.

Nordström målbar i 1913 ein ny gravitasjonsteori og i 1914 ein sameint teori for elektromagnetisme og gravitasjon ved å innføre ein ny romleg dimensjon, og så nytte ein gravitasjonsteori på det femdimensjonale tidrommet. Desse ideane vart seinare vidare utvikla av tyskaren Theodor Kaluza og svensken Oskar Klein. Seinare medverka Nordström til utviklinga av teorien til Albert Einstein og gjorde òg viktige arbeid innanfor elektrisitetslæra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]