Gunnar Piltingsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Piltingsrud
Gunnar Piltingsrud 1910-1944.jpg
Fødd 23. april 1911
Død

24. september 1944 (33 år)
Tyskland

Yrke flygar

Gunnar Piltingsrud (23. april 191124. september 1944) var ein norsk offiser og flygar som omkom under andre verdskrigen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Før krigen var Piltingsrud til sjøs som styrmann, før han saman med broren Arvid fekk flygaropplæring hja Widerøe. Arvid fekk jobb hjå Widerøe, medan Gunnar ei tid arbeidde for Wessels flyveselskap.

Gunnar Piltingsrud viser resultattavla til 56 Squadron

Gunnar Piltingsrud kom seg til Little Norway, der han vart instruktør og var med på skipinga av den norske 331 skvadron på Catterick. Han var innom den britiske 615 skvadron, før han igjen var med på skipinga av ein ny norsk skvadron, 332 skvadron, der han oppheldt seg frå januar til juni 1942. Deretter var han ved 56 skvadron fram til juli 1943, før han fekk ein kvileperiode som instruktør.

I januar 1944 kom han attende til 56 skvadron for ei kort periode, før han vart forfremja til major og beordra til 137 skvadron, der han vart skvadronsjef i april 1944.

Den 24. september 1944 omkom Piltingsrud då flyet hans vart skote ned av tyske fly nær Üdem.[1]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Arvid, som var bror hans, var òg flygar under krigen, og heldt fram som passasjerflygar for mellom anna Widerøe og Norrønafly etter krigen. Ein tredje bror, Rasmus, var forsyningssjef for Milorg-basen «Elg» i Begnadalen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For innsatsen sin under krigen fekk Piltingsrud blant anna følgjande utmerkingar:

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1947 vart det avduka eit minnesmerke over Piltingsrud i Begnadalen i Sør-Aurdal, der speidarane legg ned krans kvar 17. mai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren. Oslo: Grøndahl Dreyer. 1995. s. 199. ISBN 8250421906.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]